Historisk arkiv

Digitale motorvegar til Distrikts-Norge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Diverse lokalaviser i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Digitale motorvegar til Distrikts-Norge

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Diverse lokalaviser i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Løfta frå Soria Moria er meir enn fagre ord på papiret. Allereie no i vårt første reviderte nasjonalbudsjett, kan vi gje veljarane våre det vi har lova. 50 nye millionar kroner skal gje breie digitale vegar også utanom tettbygde strok. Desse midlane inneber at innsatsen for at alle skal få køyre på digitale motorvegar, blir nesten dobla.

Eg er stolt over å kunne leggje fram den største samla løyvinga til breiband nokon gong. Totalramma for breibandstiltaka i 2006 blir no på nær 120 millionar.

I Soria Moria-erklæringa lovar Regjeringa at alle skal få tilbod om breiband i løpet av 2007. Dette løftet står ved lag. Desse nye 50 millionane som skal gå utelukkande til styrking av breibandutbygginga i Distrikts-Noreg, vil monne. Og totalt blir innsatsen for breiband rekordstor.

Innsatsen i år er berre ein start. Sjølv om utrekningar viser at om lag 95% av norske husstandar har høve til breibandstilknyting innan utgangen av 2006, er dei siste fem prosentane av innbyggjarane våre òg viktige. Sjølv er eg frå Sogn og Fjordane. Heime hos oss er ikkje internett kvardagen for folk flest. Det skuldast at her finst ikkje digitale vegar til kvar ei øy og inn i kvar ein fjord. Det er berre i tettstader av ein viss storleik at banda er breie nok, for å sei det slik. Dette er eg sjølvsagt ikkje nøgd med.

Det manglande breibandtilbodet har eg difor sett meg føre å gjere noko med. Regjeringa sitt mål er at alle skal ha eit slikt tilbod i løpet av 2007. No er vi i gang. Apparatet er på plass og dei 50 nye millionane skal gå uavkorta til å auke breibandstilgangen i distrikta gjennom Høykom-ordninga. Den opphavlege løyvinga til Høykom i 2006 var på dryge 69 millionar kroner, av desse var 35 millionar kroner reserverte for delordninga Høykom-distrikt. Desse midlane skal brukast til å støtte kommunale eller fylkeskommunale breibandprosjekt innanfor område som har lågare breibandsutbreiing enn landsgjennomsnittet. Tilleggsløyvinga på 50 millionar skal styrkje dette lokale arbeidet ytterlegare.