Historisk arkiv

Dugnad for fornying! Personalpolitiske utfordringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på YS Stats årskonferanse, 25. januar 2006.

Dugnad for fornying! Personalpolitiske utfordringar

Innlegg av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på YS Stats årskonferanse, 25. januar 2006.

Aller først - takk for invitasjonen. Det er ei stor glede for meg å vere her! Som fornyings- og administrasjonsminister har eg ansvaret for å samordne regjeringa sitt fornyingsarbeid. Dette arbeidet vil ha høg prioritet. Eg er òg her fordi mitt departement har ansvaret for den overordna arbeidsgivarpolitikken i statleg sektor – og dermed også for staten sin personalpolitikk. Den vil eg kome inn på seinare i innlegget.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for denne regjeringa, vil vere å leggje forholda til rette for eit trygt og godt arbeidsliv for alle. Regjeringa vil satse på fellesskapsløysingar og ein sterk offentleg sektor. Vår oppgåve er å styrke, fornye og vidareutvikle det norske velferdssamfunnet. På den måten kan vi sikre innbyggjarane: Gode tenester, valfridom og medverknad.

Skal regjeringa lukkast, treng vi mange gode hjelparar. Vi treng eit aktivt og godt samarbeid med fagrørsla. Ei sterk fagrørsle er ein garanti for demokratiet.

Her og no vil eg difor invitere YS Stat til ein konstruktiv dialog om dei viktige oppgåvene regjeringa skal ta fatt på. Og eg forventar at YS Stat stiller opp for å fornye offentleg sektor! Det betyr ikkje at vi vil vere samde om eitt og alt. Og det er greitt. Sjølv i saker der vi er usamde, vil eg leggje opp til ein konstruktiv dialog.

Velferdsmodell for framtida
Ein rapport som er laga i samarbeid med Nordisk Ministerråd peikar på følgjande: Norden har forholdsvis høgt skattenivå, store offentlege sektorar og omfattande arbeidstakarvern. Samstundes er Norden – og Noreg spesielt mellom dei land i verda som har den høgaste levestandarden og ein sterk økonomisk vekst. Nokon vil kalle det eit pradoks, vi vil sei det er sjølvsagt!

Den nordiske modellen er som skapt for framtida. Dei nordiske velferdsstatane er bygd på eit felles sett av verdiar. Verdiane likskap, tillit og inkludering har gitt grunnlag for ei god økonomisk utvikling. Den nordiske modellen kombinerer effektivitet og vekst - med ein stor grad av omfordeling. Det handlar kort sagt om å skape – og å dele.

Vi ønskjer å bygge vidare på verdiane likskap, tillit og inkludering. Dei sikrar ein god dialog mellom partane i arbeidslivet. Regjeringa meiner at eit godt samarbeid mellom partane, eit ordna arbeidsliv – låge lønsforskjellar og kort veg mellom tilsette og arbeidsgivar er ein konkurranse føremun for norsk arbeidsliv.

Ein føremun vi ønskjer å bygge vidare på!

Full fart i fornyinga av offentleg sektor
Det er gått 20 år sidan dei første ”fornyingsplanane” i staten. Offentleg tilsette har vist ein vilje og evne til å vere med på omstilling som eg trur politikarar i dei aller fleste andre land vil misunne oss. Til gjengjeld har vi kanskje fått den beste offentlege sektoren i verda. Vi blir rangerte heilt i verdstoppen både når det gjeld livskvalitet og næringslivet si konkurranseevne.

Denne regjeringa ynskjer å ha full fart framover i fornyinga av offentleg sektor. Gjennom fornyinga vil vi:

  • Innrette tilbodet til brukarane. Vi vil organisere det offentlege tilbodet slik at det møter folk sine behov der dei er – uavhengig av lommebok og sosial status. Det skal vere enkelt å ta kontakt med det offentlege – og du skal få rettferdig behandling. Ha som mål å løyse fellesskapsoppgåvene så effektivt som mogleg - for å frigjere pengar til høgt prioriterte oppgåver. Men det skal ikkje gå ut over kvaliteten på tenestene.
  • Arbeide aktivt for ei opa forvaltning som gir folk flest kunnskap om, og innsikt i, offentlege aktivitetar, ressursbruk, kvalitet og resultat.
  • Offentleg sektor skal vere ein spennande og utviklande stad å jobbe – og vi vil inkludere dei tilsette i arbeidet med fornying.

Vi har vore kritiske til korleis fleire tidlegare reformer har blitt gjennomført. Likevel er det ikkje tvil om at det har vore trong for fornying på mange område – og det vil vere stadig trong for omstilling og fornying. Tenk på Skatteetaten. Å fylle ut sjølvmeldinga er ei heilt anna oppleving i dag, enn for berre få år sidan. Sjølvmeldinga på nettet er kåra til den beste offentlege nettstaden i 2005. Heile 1,25 millionar skatteytarar leverte på nett i fjor. Og Skattedirektoratet gjennomfører brukarundersøkingar for å bli endå betre i år.

Kvifor treng vi å fornye?
For det første, fordi vi i regjeringa har høge ambisjonar. Vi vil at det offentlege framleis skal spele ei nøkkelrolle for velferd, sosial tryggleik og verdiskaping.

Av omsyn til industrien og nye generasjonar skal vi ha handlingsregelen som rettesnor på bruken av oljepengar. Dersom vi skal klare å innfri våre ambisiøse mål, må vi i tillegg frigjere pengar gjennom effektivisering.

Eldrebølgja gjer det ekstra viktig. La meg illustrere det. I 1995 var det 3 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Litt forenkla kan vi seie at den nyfødde hadde tre oldeforeldre. I 2050 er det ikkje lenger 3, men meir enn 8 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Mange vil oppleve å ha alle oldeforeldre på plass når dei blir fødde.

Den andre grunnen til at vi vil fornye, er at vi vil sikre oss at dei pengane vi set inn i offentleg sektor, faktisk gir dei resultat som innbyggjarane forventar. ”Supergenerasjonen”, dei som no er mellom 40 og 60, vil ikkje nøle med å etterspørje private løysingar om vi ikkje klarer å fornye offentleg sektor. Denne, til no mest priviligerte generasjonen, vil tvinge det offentlege til å tenke nytt. Både når det gjeld brukarmedverknad – og når det gjeld individuell tilpassing av tenestene.

Men dette vil eg gjere heilt klart: Vi vil ikkje gå inn på vidare privatisering av helse, omsorg og utdanning. Det betrar verken effektiviteten eller kvaliteten på tenestene!

Vi skal lytte til brukarane – og vi skal møte dei med respekt. Vi vil ha ein offentleg sektor som yter tenester av høg kvalitet – og som er tilpassa det brukarane etterspør. Det gjeld alt frå barnehageplass, til informasjon som småbedriftene treng og til fornying av pass og førarkort.

Den siste grunnen til at vi skal fornye, er at vi alltid skal vere sikre på at offentleg sektor er i takt med tida. Vi må vere opne for å vurdere og fornye våre eigne velferdsordningar, og måten desse er organisert på. Vi må tilpasse dei etter kvart som behova endrar seg - for at dei skal bli stadig betre.

Kva vil vi gjere?
Vi er allereie i gang med store reformer som kjem til å bety mykje i åra framover.

Det er sjølvsagt viktig at pensjonsreforma kjem i hamn, eg skal sei litt meir om det mot slutten. Av organisatoriske reformer vil NAV - den nye arbeids- og velferds- forvaltninga - vere den største. Så mykje som ein tredjedel av statsbudsjettet går til denne posten. Ein ny og stor etat skal byggjast opp frå 1. juli 2006. Reforma vil få verknad for om lag 16 000 årsverk i Aetat, trygdeetaten og på sosialkontora. Vi trur at denne reforma kan hjelpe oss med eit av dei største problema vi møtte då vi overtok regjeringskontora: Dei 740 000 som står utanfor arbeidslivet på ulike sosial- og trygdeordningar. Det har blitt 115 000 fleire under den førre regjeringa.

Regionreforma er ei anna viktig reform. Målet er å etablere eit fornya og meir robust regionalt forvaltningsnivå. Regionnivået skal vere den sentrale aktøren for regional utvikling. Regjeringa vil sjå på korleis det regionale folkevalde nivået skal organiserast, kva for oppgåver som skal desentraliserast og korleis ein kan gjennomføre ei omorganisering av fylkesmannsembeta.

Reformarbeidet vil innebere at det må gjennomførast ei vurdering av fylkesmannsembeta si rolle, oppgåver, organisering og inndeling. Som administrativt overordna fylkesmannsembeta, vil mitt departement ha ei sentral rolle i dette arbeidet.

Reforma vil få verknad for mange statlege tilsette fordi vi skal sjå på om oppgåver skal desentraliserast, og ein skal ”serve” nye, kanskje større regionar, men same kommunekart. Vi må òg vurdere om noko skal gjerast med region-organiseringa i nokre av dei statlege etatane.

Timeplanen er realistisk, men ambisiøs; Vi har sagt at reforma skal kunne setjast i verk frå 1. januar 2010. Då har vi ikkje meir enn tida og vegen. Dette har vore utgreia så lenge, og skuva på fordi det er ei vanskeleg sak. No er tida inne for å ta ei avgjerd.

Dei offentlege oppgåvene skal løysast på ein effektiv og god måte, både sett frå vår side, men ikkje minst frå mottakaren av tenesta si side. Nokre oppgåver løyser faktisk staten best. I motsetning til den forrige regjeringa, vil vi leggje mykje større vekt på å inkludere dei tilsette - og deira organisasjonar òg i denne prosessen.

Når det er sagt, forventar eg at organisasjonane viser vilje og evne til fornying - både gjennom ord og handling.

Opningstider
Opningstidene i det offentlege må tilpassast behovet til innbyggjarane på ein betre måte. Fysiske opningstider er framleis viktig fleire stader, sjølv om offentlege tenester også blir tilgjengelege på nettet. Mange statlege verksemder er opne for innbyggjarane innanfor den generelle arbeids- tida sommar og vinter. Avtalane i staten er ikkje til hinder for å nytte andre arbeidstidsordningar enn den ordinære. Vi må vise vilje til å prøve ut nye og fleksible arbeidstidsordningar for å oppnå meir brukarvenlege opningstider – også i staten.

IKT- politikk
IT speler ei sentral rolle i den samfunnsøkonomiske utviklinga. eNoreg 2009-planen har mellom anna fokus på

  • Fornying av offentleg sektor
  • Å sikre at kvar enkelt deltek i det digitale samfunnet og
  • Å vidareføre ein aktiv næringspolitikk innan IT som sikrar innovasjon og vekst i næringslivet

Regjeringa skal arbeide for å sikre grunnleggjande digitale kunnskapar for alle og medverke til å byggje ned digitale skilje. Det er viktig for å hindre utstøyting frå arbeidslivet – og gjere det lettare å kome tilbake i arbeid. Digital kompetanse skal stå sentralt i dei nye læreplanane for grunn- og vidaregåande skule frå 2006. Bruk av digitale verktøy skal bli ei av dei fem grunnleggjande kunnskapane i alle fag og på alle nivå.

Bruk av digitaliserte tenester handlar om deltaking og demokrati.

Å kunne bruke PC og Internett, er snart like viktig som å kunne lese.

Vårt mål er å utvikle Noreg til ein leiande kunnskaps- og IT-nasjon der alle kan delta.

Regjeringa skal setje sterkare fokus på breibandutbygginga. Det er eit mål at alle husstandar, private og offentlege verksemder skal ha tilgang til eit framtidsretta høgkapasitetsnett til lik pris i heile landet innan utgangen av 2007. Vi arbeider no med å greie ut ulike alternative modellar og opplegg for korleis staten kan medvirke økonomisk for å sikre breibandsdekning til alle innan 2007. Full breibandsdekning ser no ut til å bli langt rimelegare enn venta. Det er ein god nyheit for oss.

Inntektspolitikken
Eg synest det er gledeleg å registrere at næringslivet er optimistiske med omsyn til den framtidige sysselsettinga. Kvar sjette norske arbeidsgivar ventar å tilsette fleire i første kvartal i 2006. Slår desse prognosane til, vil det bety ei auke i sysselsettinga på om lag 40.000 årsverk. Det er ei god utvikling!

Høg sysselsetjing, stabil økonomi og bærekraftig utvikling ligg til grunn for Regjeringa sin økonomiske politikk. Inntektspolitikken har lenge vore ein viktig del av den økonomiske politikken. I dag legg inntektspolitikken vekt på samarbeidet med partane i arbeidslivet, langsiktige målsetjingar og ei klar ansvars- og rollefordeling i den økonomiske politikken.

Eit hovudmål for inntektspolitikken er å medvirke til at kostnadsveksten i Noreg ikkje kjem ut av kurs i forhold til utviklinga hos våre handelspartnarar. Ei balansert utvikling i norsk økonomi, krev at omsynet til konkurranseevna skal ligge til grunn for gjennomføringa av inntektsoppgjera. For å møte konkurransen, kan norske bedrifter over tid ikkje ha ein sterkare kostnadsvekst enn våre handelspartnarar.

Sjølve gjennomføringa av inntektsoppgjera er derimot partane sitt eige ansvar.

Frontfagmodellen
Regjeringa meiner at det er nødvendig med ein bærekraftig, konkurranseutsett sektor. Ei nedbygging av konkurranseutsett næringsliv vil vere uheldig for sysselsetjinga, uheldig for samla verdiskaping, det vil svekke distrikta og tappe landet for kompetanse.

For å sikre at den samla lønsutviklinga vert tilpassa konkurranseutsett sektor – er det viktig at denne sektoren inngår avtalar først, og at lønsveksten i dei andre sektorane vert tilpassa den ramma som er lagt. Dette er det òg brei semje om. Omsynet til konkurranseutsett sektor har difor vore ein bærebjelke i frontfagmodellen.

Når det er sagt, bør det òg vere slik at det er partane innanfor dei enkelte avtaleområda som sjølv kjem fram til korleis lønsveksten bør fordelast på ulike grupper. Det betyr at vi må kunne ha ei fleksibel innretting mellom dei ulike tariffområda.

Sosiale ordningar som vert forhandla fram i frontfaget, eller på LO-NHO nivå, har ofte fått verknad og i dei andre tariffområda. I slike tilfelle har ikkje alle partane høve til å vere med å utforme sosiale ordningar som kan komme til å gjelde eigne medlemmar. Det inneber at det vil vere trong for ei større koordinering både på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida.

Som nemnt, er det dei sentrale partane som har ansvaret for den samla lønsutviklinga. Den framtidige lønsveksten må medvirke til at partane trekkjer i same retning. Difor må dei som går i front, òg kjenne sitt ansvar.

Personalpolitikken i staten
Eg vil i det følgjande ta utgangspunkt i verdiar og mål som eg legg til grunn for den overordna statlege personalpolitikken, og omtale nokre av dei områda som mitt departement arbeider med – og som eg vil vere særleg oppteken av i tida framover.

Regjeringa vil sikre ein inkluderande personalpolitikk med vekt på trygge arbeidsvilkår. Personalpolitikken skal medverke til at staten yter eit godt tenestetilbod av høg kvalitet. Staten skal vere ein attraktiv arbeidsgivar og ein spanande arbeidsplass gjennom heile yrkeslivet.

Kvaliteten på statlege tenester er avhengig av at vi har rett kompetanse, og at vi klarer å bruke kompetansen til beste for innbyggjarane.

Personalpolitikken skal stimulere til individuell og kollektiv kompetanseutvikling. Eg er oppteken av at vi tek i bruk dei menneskelege ressursane på ein betre måte gjennom alle livsfasar, og at vi får til ei meir likestilt fordeling av kvinner og menn på alle nivå.

Omstilling i staten skal gjennomførast utan at det fører til utstøyting og auka sjukefråvær. Då må arbeidsgivarane leggje til rette for at den einskilde medarbeidar kan vidareutvikla sin verdi på arbeidsmarknaden gjennom heile yrkeslivet, og ikkje hamne i ei kompetansemessig bakevje. Samstundes er det viktig at den enkelte sjølv tek initiativ til dette. Den enkelte medarbeidar må sjølve vere den viktigaste drivkrafta i si eiga utvikling.

Det er naudsynt at ein i alt utviklings- og omstillingsarbeid planlegg kompetanseutvikling samstundes som ein planlegg nye strukturar, ny teknologi, nytt regelverk, nye arbeidsmåtar og så vidare. Erfaring syner at om ikkje folka som skal gjere jobben har kompetanse til det nye, så tek det tid å få fram vinsten og dei resultata ein ynskjer. Dette er ei særskild utfordring når det gjeld tverrgåande reformer. Der skal ein skape ein felles kultur, bære fram det beste av kompetansen frå dei einskilde etatane og gje slepp på etablerte, trygge arbeidsmåtar. Det nye må lærast på tvers, - og saman, på nye læringsarenaer. NAV- reforma har i så måte store utfordringar som ein skal ta vare på i planlegging og gjennomføring av reforma. Her er det viktig med involvering og deltaking både frå dei tillitsvalde og direkte frå medarbeidarane.

Staten skal vere ein god arbeidsgjevar for alle grupper av tilsette. Denne regjeringa har som mål å auke mangfaldet i statleg sektor, slik at statlege myndigheitspersonar og tenesteytarar betre speglar det folket dei er satt til å tene.

Eg vil òg stimulere til rekruttering og betre bruk av dei menneskelege ressursane med omsyn til personar med innvandrarbakgrunn, og personar med ulik funksjonsevne, - men med kompetanse, arbeidsevne og arbeidslyst. Vi skal syte for at vi drar nytte av deira erfaringar og det kulturelle mangfaldet. Det å skape eit kreativt og produktivt mangfald krev gode, tolerante, rause, opne og lærande arbeidsmiljø. Dette er ein viktig bodskap frå meg til statlege leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde; - her har vi alle eit ansvar, kvar på vår måte.

Leiing og fornying
Vi treng motiverte, kompetente medarbeidarar som er stolte av jobben sin, for å lukkast i fornyingsarbeidet. Og vi treng gode leiarar som lukkast i å engasjere både hjerne og hjarte.

Leiarane i staten spelar ei viktig pådrivarrolle i arbeidet med fornying.

Leiaransvaret inneber mellom anna å vise vegen – og leggje til rette for omstilling og utvikling. Å vere leiar inneber òg å sørgje for ei god dagleg drift – og ikkje minst å ivareta arbeidsgivaransvaret og ein god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar. Eg har sjølv erfaring som leiar – og har opplevd det som ei svært utfordrande, men også ei krevjande oppgåve.

Eg vil særleg rette fokus mot det samfunnsansvaret som statlege leiarar har med omsyn til mangfald og inkludering, og til tillit og etikk.

Denne regjeringa er oppteken av at leiarane i staten legg til grunn eit breitt perspektiv på leiing, og eg vil starte med nokre av dei sentrale rammene for så å gå nærare inn på personalpolitiske satsingar.

Embets- og tenestemannslova blei oppheva – den gamle tenestemannslova held fram
Bondevik-II-regjeringa vedtok ei ny embets- og tenestemannslov. Den fjerna mange av dei særskilde vernereglane som gjeld for embets- og tenestemenn i staten. Vi har no oppheva embets- og tenestemannslova og Stortinget har vedteke at den nogjeldande tenestemannslova blir ført vidare.

Men det er ikkje alle sider ved tenestemannslova som verkar like godt.

Eg har nemnt for hovudsamanslutningane ein tanke om å setje ned eit utval til å sjå nærare på lova – og fått positive tilbakemeldingar på det.

Ei årsak til at vi treng å sjå nærare på lova, er prosedyrane for tilsetting. Mange verksemder mister godt kvalifiserte søkjarar, fordi prosessen tek for lang tid. Dette bør det gjerast noko med.

Dessutan treng vi, på sikt, ein grundig gjennomgang av embetsmannsordninga. Dette fall utanfor Arbeidslivslovutvalet sitt mandat. Eg vil sjå om det ikkje er mogeleg å fornye tenestemannslova utan å redusere stillingsvernet til dei statstilsette, men dette skal altså gjerast i samarbeid med organisasjonane.

Hovudtariffavtala i staten
Eg har òg invitert partane til eit nærare samarbeid om hovudtariffavtalen i staten. Eg trur det kan vere gode grunnar til å fornye og forenkle hovudtariffavtala. Det kan difor vere teneleg om partane set seg ned saman, for å sjå både på strukturen og innhaldet i avtalen.

For meg er det viktig at ei vidareutvikling av løns- og forhandlingssystemet skjer i nært og konstruktivt samarbeid mellom staten og organisasjonane til dei tilsette. Eg har difor tatt initiativ til at staten set seg ned saman med hovudsamanslutnadane for å sjå nærare på dette, og eg er trygg på at partane sjølve finn fram til kva form dette samarbeidet bør ha – fram til hovudoppgjeret til våren og kanskje òg over i neste tariffperiode.

Forsøk med 6-timarsdag/arbeidstidsreform
Regjeringa vil bruke 10 millionar kroner til å førebu forsøk med ulike organiseringar av arbeidstida – òg kalla 6-timars arbeidsdag (i statlege verksemder) neste år. Dette er ei oppfølging av regjeringa si politiske plattform frå Soria Moria.

Regjeringa ynskjer å vurdere verknadene av redusert arbeidstid opp mot ei rekkje andre faktorar, mellom anna opp mot målet om eit inkluderande arbeidsliv. Vil redusert arbeidstid gi plass for fleire i arbeidslivet? Vil det medvirke til at fleire står i jobb fram til pensjonsalderen? Kan vi få folk i deltid til å auke sitt arbeidstilbod? Andre faktorar vil vere: Produktivitet, sjukefråvær og den enkelte sin trivsel og oppleving av tidspress på jobben. Kva arbeidsgivar vinn og tapar økonomisk, vil òg bli kartlagt. I tillegg vil utgreiingane byggje på tidlegare erfaringar med kortare arbeidstid i Noreg - og andre land.

Vi vil sjølvsagt trekkje partane i arbeidslivet med i planlegginga av forsøket.

Eit inkluderande arbeidsliv
Regjeringa har store ambisjonar om å skape eit inkluderande arbeidsliv der ein legg til rette for yrkesdeltaking for alle som kan, og for bruk av arbeidsevna til kvar einskild gjennom eit langt yrkesliv. Det er semje om at erfaringane frå IA- arbeidet skal førast vidare. Den 14. desember i fjor vart partane og styresmaktene samde om innretning og verkemiddel i IA-avtala for dei neste fire åra (2006 – 2009). Den nye IA- avtala har to overordna mål:

  • Å førebyggje sjukefråvær, auke fokus på jobbnærvær og hindre ”utstøyting” frå arbeidslivet
  • Å auke rekrutteringa av personar som ikkje har eit arbeidsforhold

Skal vi nå dei to måla, må vi utvikle arbeidsplassar som reduserer sjukefråværet, og som legg til rette for at dei tilsette kan yte etter beste evne. Samstundes må vi stimulere til større mangfald og toleranse.

Regjeringa ynskjer handling og resultat. Partane vil difor sette konkrete mål og vurdere verkemidlane innanfor dei ulike satsingsområda i IA-avtalen utover våren. Eg ynskjer at staten som arbeidsgivar skal gå føre som eit godt eksempel på desse områda.

Leiarane si involvering i IA- arbeidet har mykje å seie for eit godt resultat. Dei statlege leiarane har med andre ord eit særleg ansvar i denne samanheng. Det er òg viktig å lære av korleis samarbeidet med dei tilsette er lagt opp, i dei statlege verksemdene som lukkast best. Eg tek gjerne i mot synspunkt og gode idear på korleis IA- arbeidet kan leggjast opp framover.

Nedsett funksjonsevne
Våren 2004 vedtok regjeringa ein plan for å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne i det statlege tariffområdet. Planen er ei oppfølging av delmål 2 i IA- avtala. Målet er at minst 5 prosent av nytilsettingane i ein periode på to år , skal vere personar med nedsett funksjonsevne. Halvvegs i perioden er vi i god gjenge.

Vi har no på plass eit panel for å hjelpe til med arbeidet. I panelet sit 13 erfarne deltakarar frå forsking, brukar - og interesseorganisasjonar og frå partane.

I år vil vi introdusere eit trainee-program i sentralforvaltninga for unge, høgt utdanna personar med nedsett funksjonsevne. Erfaringane frå tidlegare program, har vore nyttige å ha med i oppbygginga av det nye.

Det er viktig å gi dei som står utanfor arbeidslivet ein plass innanfor.

Like viktig er det at kollegaer, leiarar og tillitsvalde får erfaring med ein arbeidskamerat som i nokre samanhengar treng tilrettelegging.

Desse tiltaka vil vere til god hjelp i arbeidet med å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne i statleg sektor.

Rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn
Òg i statleg sektor må vi bli flinkare til å sjå verdien av mangfald. Noreg treng å ta i bruk den arbeidskrafta personar med innvandrarbakgrunn representerer, og dei treng arbeid. Vi veit at arbeid er den viktigaste vegen til integrering.

Sidan 2002 har det vore eit krav om at statlege verksemder skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju.

Om det ikkje vert gjort, skal etatane gjere greie for kvifor. I sommar undersøkte vi kva erfaring etatane hadde med ordninga. Undersøkinga syner at om lag 28 prosent (eller 430) av søkjarane med ikkje-vestleg bakgrunn som vart innkalla til intervju – også fekk jobb.

Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hansen har tatt initiativ til at dette kravet kan verte ei rettesnor for heile arbeidslivet. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Difor er det også viktig for regjeringa å fokusere på dei positive ressursane som ligg i eit fleirkulturelt miljø.

Det er viktig for meg å vere tydeleg på dette: Alle har vi eit ansvar for å integrere tilsette med eit anna språk og ein annan kulturbakgrunn.

Eg ventar at statlege arbeidsgivarar og tillitsvalde tek denne utfordringa på strak arm. Vi må bruke dei ressursane vi har, til beste for fellesskapet.

Seniorar som ressurs
Arbeidslivet kan gjere mykje for at seniorane vel å vere yrkesaktive framfor å bli pensjonistar. Departementet har teke initiativ til ei FAFO- undersøking om: Tidligpensjonering og seniorpolitikk i staten (Tove Midtsundstad 2005).

Dei individuelle skilnadene er store. Difor bør verksemdene leggje tilhøva til rette for ei forlenging av yrkeslivet på ein fleksibel måte. Undersøkinga syner at fleire faktorar verkar inn på avgjerda om å fortsette som yrkesaktiv, mellom anna: Leiarskap, deltaking, ansvar (involvering), utdanning og ny teknologi.

Leiarskapet kan syne at seniorane trengst i staden for at ein ventar at dei skal forlate arbeidslivet. Verksemda kan legge opp til deltaking, ansvar, involvering og kompetansetiltak i staden for at seniorane skal få ”slippe å delta”, eller at dei skal ”slippe ansvar” for å ”skåne dei”, utan at den einskilde sjølv har bede om det. Dei som vil arbeide, må få høve til det!

Vi kan ikkje godta at kvar fjerde AFP- pensjonist som eigentleg ynskjer å arbeide, må gå av med tidlegpensjon slik ei Fafo-undersøking syner. Vi må leggje tilhøva til rette for yrkesdeltaking for alle som kan og vil. Det er bra for den einskilde, for verksemdene og for samfunnet.

Kompetanse gjer tryggleik i eit omskifteleg arbeidsliv
Eg har tidlegare nemnt at regjeringa sitt mål er å fornye offentleg sektor utan at det fører til auka sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet. Forsking viser at godt vaksne med låg formalkompetanse, i særleg grad er utsette ved omstilling. Og når dei først er ute, er det få som kjem inn i arbeidslivet att. Dette må vi finne nye løysingar på.

Vi vil derfor setje inn særskilte tiltak for å hindre at godt vaksne med låg formalkompetanse – eller andre – mister fotfestet i arbeidslivet. I samarbeid med nokre statlege etatar, ønskjer mitt departement å få utvikla ulike modellar for kompetanse- og kvalifiseringsprogram. Kvar einskild medarbeidar vil få utvikla, dokumentert, formalisert og profilert sin realkompetanse. Det vil gjere det lettare for dei å gå inn i nye oppgåver andre stader i verksemda, eller å konkurrere på arbeidsmarknaden.

Fleire kvinner inn i leiande stillingar i staten
Det er òg eit mål for regjeringa å ha minst 40 prosent av begge kjønn i statlege leiarstillingar.

Det har blitt stadig fleire kvinner blant leiarane dei siste åra. På toppnivået har det derimot ikkje vore så store endringar å spore . Av den grunn, vil vi særleg sjå på rekrutteringa til toppleiarstillingane.

Det skortar ikkje på kvalifiserte kvinner. 35 prosent av mellomleiarane i staten er kvinner. I desse stillingane i departementa, er over 40 prosent kvinner. Vi skulle med andre ord ha eit særs godt grunnlag, for å lukkast med å rekruttere fleire kvinner til toppleiarstillingane.

Dei kvinnelege mellomleiarane manglar heller ikkje motivasjon og tru på at dei kan meistre større oppgåver. Mitt departement har gjennomført ei spørjeundersøking blant leiarar i staten. Der seier like mange kvinner som menn, at dei ynskjer ei vidare leiarkarriere i staten. Dei ynskjer å bli toppleiarar . Undersøkinga tyder på at det er mange kvinnelege mellomleiarar som er mogne for større oppgåver.

Det er likevel ein viktig skilnad mellom kvinner og menn sine karrieremønster: Kvinnene søker sjeldnare leiarstillingar, om dei ikkje vert oppfordra til det.

Med utgangspunkt i desse funna, har mitt departement starta eit pilotprosjekt. Vi tilbyr karrierecoaching retta spesielt mot kvinnelege toppleiarkandidatar som ynskjer å gå inn i ein søkjarprosess. Tilbodet går i første omgang til kvinnelege mellomleiarar i departementa. Tiltaket vil bli evaluert. I neste omgang vil vi vurdere om dette er eit verkemiddel som bør byggast ut, slik at fleire kan dra nytte av det.

Pensjonsreforma
Regjeringa held fram arbeidet med pensjonsreforma i samsvar med avgjerda i Stortinget. Arbeidet vert koordinert gjennom Arbeids- og inkluderingsdepartementet. I tråd med vedtaket i Stortinget, vil partane bli invitert til å delta. Mitt departement vil sjølvsagt ta del i arbeidet med å tilpasse dei offentlege pensjonsordningane til ei ny folketrygd. Viktige spørsmål vi arbeider med, er val av hovudmodell for oppteninga, AFP blir opplagt eit tema og dei offentlege tenestepensjonane, for å nemne noko.

Avslutning
Regjeringa ynskjer fullt trykk på fornyinga i offentleg sektor.

Ved å fornye offentleg sektor tryggjer vi samtidig velferda for dei generasjonar som kjem etter oss. Vår visjon er å overlate til neste generasjon noko som er meir verdifullt enn det vi sjølv overtok.

Skal vi klare det - treng vi ein felles dugnad. Her er alle innspel viktige – ikkje minst frå organisasjonane. Her og no vil eg difor invitere dykk til ein konstruktiv dialog om dei viktige oppgåvene vi skal ta fatt på.

Eg inviterer dykk til å vere med på ein dugnad.

Fordi felles mål når vi best med felles løft!