Historisk arkiv

Konkurranse er òg sunn fornuft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagens Næringsliv 6. juli 2006

Konkurranse er òg sunn fornuft

Av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagens Næringsliv 6. juli 2006.

Konkurranse er viktig. På mange område er den eit avgjerande verkemiddel for å syte for ein effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Ressursane vert utnytta godt, marknadsaktørane vert meir effektive og dermed meir konkurransedyktige på internasjonale marknader. Konkurranse gir forbrukarane tilbod om varer og tenester av god kvalitet til marknadspris.

Det er naudsynt å ta grep når det er mistanke om at konkurransen fungerer dårlig. Noko av det fyrste eg gjorde som statsråd, var difor å be Konkurransetilsynet kartlegge konkurranseforholda innanfor skadeforsikring. Denne marknaden er viktig for både forbrukarar og næringsliv. Eg vil no vurdere tilsynet sitt forslag til tiltak for å styrke konkurransen i denne marknaden.

Det er òg viktig å holde fast på virkemidlar som virkar. Somme har spekulert i om SAS Braathens vil søke å gjeninnføre bonusprogramma innanlands. Som konkurranseminister er eg heilt klar på at det ikkje blir aktuelt. Eg er opptatt av konkurranse i luftfarten, og at denne konkurransen skjer på like vilkår til det beste for forbrukarar og næringsliv. Eit bonusprogram for ein aktør som opererer åleine på fleire ruter innanlands gir ikkje meir, men mindre konkurranse.

Konkurranseloven skal gjere sitt til å styrke forbrukaranes interesser. Samstundes er det brei politisk semje om at ved enkelte høve kan andre viktige samfunnsomsyn vege tyngre enn omsynet til konkurransen åleine. Eg har difor oppheva to av vedtaka Konkurransetilsynet har fatta i fusjonssaker. Det er slike overordna konkurransepolitiske spørsmål, der ulike samfunnsområde må sjåast i samanheng og vegast opp mot kvarandre, eg er satt til å vurdere. Det er nettopp dette som er konkurransepolitikk. Det burde ikkje vere noko overrasking at denne regjeringa har eit anna syn på innretninga på konkurransepolitikken enn den førre regjeringa.

Men òg den førre regjeringa sat ved fleire høve til side vedtaka til Konkurransetilsynet.

Bondevik II meinte til dømes at arbeidsplassar og moglegheit for eksport var viktigare enn konkurransen i marknaden for panelomnar i Nobø sitt oppkjøp av Dimplex i 2004. Landbrukspolitiske omsyn talte meir enn konkurransen ved Felleskjøpet sitt oppkjøp av Norgesmøllene same året. Slike saker vil fortsette å komme. Ein kvar regjering har ansvar for å vege ulike samfunnsmål opp mot kvarandre når viktige samfunnsavgjerder skal fattast, og det er eg glad for.

Dei reine konkurransefaglege vurderingane er det framleis Konkurransetilsynet som gjer. Tilsynet skal heller ikkje trekke inn andre vurderingar enn dei konkurransefaglege i sin sakshandsaming. Systemet er slik at disse vurderingane er overlate til departementet og i siste instans Kongen i statsråd. Det er politikarane som skal vege omsynet til dømes distrikta, arbeidsplassar, næringsutsvikling, miljøet og landbruket opp mot omsynet til konkurransen. Slik var det under den førre regjeringa, og slik er det no.

Det er likevel klare skilnader mellom den raud-grøne og den førre regjeringa i synet på bruk av marknaden som verkemiddel. Ein uregulert marknad løyser ikkje sjølv alle former for marknadssvikt. I tillegg til å leggje til rette for konkurranse der konkurranse virkar, vil regjeringa byggje fellesskapsløysingar og offentleg styring der marknaden sjølv ikkje strekk til. Dette inneber mellom anna mindre kommersialisering og privatisering innanfor helse, omsorg og utdanning. På desse områda ynskjer ikkje Regjeringa å leggje opp til konkurranseutsetting slik den førre Regjeringa gjorde. Nettopp her ligg det raudgrøne stempelet på konkurransepolitikken – vi ynskjer å nytte konkurransen til eit mål om meir og betre velferd for alle. Der konkurransen ikkje medvirkar positivt til det, vil vi nytte andre verkemiddel for å nå dei ambisiøse måla vi har sett oss.