Historisk arkiv

Kvinner og arbeidsliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Hovudtale av statsråd Heidi Grande Røys på 8. mars-arrangement i Stavanger

Kvinner og arbeidsliv

Hovudtale av statsråd Heidi Grande Røys på 8. mars-arrangement i Stavanger.

Aller først – takk for invitasjonen. Det er ei stor glede for meg å vere her! Det er mange ting eg kunne hatt lyst til å ta opp, men eg får halde meg til temaet ”Kvinner og arbeidsliv”.

Vår nære historie
Av og til skjer det ei djuptgripande endring rundt oss, ja nærmast ein revolusjon. Men fordi endringa kan ta noko tid, og fordi vi sjølve er midt oppe i den, så ser vi ikkje så tydeleg at det dreier seg om ei djuptgripande endring eller ein slags revolusjon. Kvinners posisjon i det norske samfunnet er eit døme på dette.

Kvinnenes inntog i arbeids- og samfunnslivet utgjer ei av de mest fundamentale endringane i det norske samfunnet dei siste 50 åra. Gjennom heile etterkrigstida og fram til midten av 1970-talet var Noreg eitt av landa i Europa som hadde lågast yrkesdeltaking blant kvinner. Gjennom mange år var dei yrkesaktive kvinnene oftast ugifte, og det var vanleg at kvinnene slutta i jobben når dei gifta seg. Frå midten på 1970-tallet til slutten av 1980-tallet skjedde utviklinga som endra samfunnet vårt radikalt. Kvinner, og spesielt gifte kvinner med barn, gjekk ut i arbeidslivet. Frå 1974 til 1988 kom nesten 360 000 fleire kvinner inn i arbeidslivet. Tenk dykk: på få år auka talet på kvinner i arbeidslivet tilsvarande meir enn 3 gonger det totale innbyggjartalet i Stavanger.

Denne raske endringa gjekk ikkje av seg sjølv. Grunnlaget var kampen kvinner førte for økonomisk sjølvstende gjennom lønsarbeid. I dag er dette jo klårt for alle. Men for få år sidan var det langt på veg eit nytt poeng at eiga inntekt gjer fridom til å ta sine eigne val og til å styre sitt eige liv. Vidare vart det argumentert med at yrkesaktivitet gjer høve til å bruke og utvikle eigne evner og ressursar, og at lønsarbeid gir rettar i velferdsamfunnet som pensjon, sjukepengar, foreldrepermisjon, dagpengar osv.

Det høyrer også med til historia at samfunnet, for berre få år tilbake, var svært dårleg lagt til rette for at kvinner kunne delta i arbeidslivet. Det var vesentleg svakare permisjonsordningar. Å søkje om barnehageplass var som å vere med i eit lotteri med dårlege vinnarsjansar. Nå, ja –i mange byar er det fortsatt lange køar, men det kjem seg med SV i regjering! ”Kvinnerevolusjonen” på den norske arbeidsmarknaden på 1970- og 1980-talet kom dermed trass i, og ikkje på grunn av, samfunnets tilrettelegging for å kunne kombinere yrkesarbeid og barneomsorg.

Igjen måtte kvinner gå føre og brøyte veg. Kvinnene fann seg ikkje i å måtte velje anten omsorg eller lønsarbeid. Kravet var enkelt og tydeleg: samfunnet måtte leggjast til rette slik at både menn og kvinner på ein god måte kan kombinere lønsarbeid og omsorg. Etter mykje strev og hard debatt kom etter kvart ei rekkje verkemiddel på plass for ei betre tilpassing av arbeidsliv og familieliv:

  • Lang betalt fødselspermisjon (bortimot eitt år frå 1993)
  • Jobbtryggleik etter arbeidsmiljøloven med inntil to års permisjon ved fødsel.
  • Diverse rettar til betalt fri frå arbeidet pga familien, for eksempel barns sjukdom.
  • Likestillingslov.
  • Utbygging av barnehageplassar.
  • Utvikling av skulefritidsordningar.
  • Etter kvart betre ordningar for at fedrar skal ta sin del av omorga for små barn (frå 1.7.2006 seks veker av fødselspermisjonen).

Kva no?
Skal vi så lene oss tilbake, og seie at vi er nøgde med kvinnenes plass i arbeidslivet?
Nei, nei og atter nei.

Det er nødvendig å føre ein politikk som sikrar kvinner og menn like sjansar og reell likestilling. Eit sentralt poeng er at forbetringar i samfunnet ikkje kjem av seg sjølve. Endringar må kjempast fram!

Arbeidslivet må endrast slik at det blir lettare for både kvinner og menn å kombinere yrkesarbeid og barneomsorg. Likestilling inneber at fedrar tek større del i omsorga for barna sine. Dette vil endre aksepten samfunnet, og ikkje minst arbeidsgivaren, har for kvinnelege og mannlege arbeidstakarar med små barn.

Vidare er makt og ressursar ujamt fordelte mellom kjønna. Kvinner eig mindre og tener mindre.

Frå regjeringas Soria Moria-plattform har vi på veg ei rekkje forbetringar som gjeld arbeid og familieliv, mellom anna:

  • Billegare og ikkje minst nok barnehagar.
  • Auke fedranes rettar til fødselspermisjonsordninga til 10 veker.
  • Betre høve for tilsette på deltid til å utvide sin del av stillinga.
  • Betre rettar for sjølvstendig næringsdrivande som får barn.
  • Bidra til å likestille skiftarbeid og tilsvarande turnusarbeid i samarbeid med partane i arbeidslivet.

Løn særs viktig!
Det er ikkje tvil om at kvinner vert diskriminerte i arbeidslivet. Til dømes har kvinnedominerte yrke gjennomgåande lågare løn enn mannsdominerte yrke ein kan jamføre med. Det er særs viktig å arbeide for at kvinner og menn får lik løn for arbeid av lik verdi, og at kvinner og menn kjem til i alle yrkesgrupper.

Det er interessant at menns og kvinners løn varierer mellom ulike næringar. Størst lønsforskjell finn vi i finansnæringa, blant anna bank og forsikring. Her utgjer løna for tilsette kvinner på full tid berre om lag 73 prosent av den løna menn har. I varehandel kjem kvinner òg dårleg ut. Best er undervisningspersonalet i skuleverket og òg i kommunane er prosenten godt over 90.

Kvinner i alle posisjonar!
Òg på andre felt går det pinleg seint. I bedriftslivet er det uhyre tynt med kvinner i leiande posisjonar. Men det er all grunn til å gi ros til Høgre-statsråden Ansgar Gabrielsen som snakka mange av leiarane i næringslivet midt imot og la opp til krav om langt fleire kvinner i styra. Til dømes heldt han i august 2003 eit foredrag her i Stavanger næringsforening der han tok eit oppgjer med ”gubbehaldningane” og bad dei tenkje nytt for å få fleire kvinner inn i styra. Vår regjering har ingen som helst problem med å ta tak i dette; i bedriftsstyre i børsnoterte selskap og i store selskap skal det vere minst 40 prosent av begge kjønn.

At utviklinga av kvinners posisjon i arbeidslivet tek tid ser ein òg i staten, som er mitt eige ansvarsområde. Ulike regjeringar dei siste åra har hatt som mål å få vesentleg fleire kvinner i leiande stillingar i staten. I 1997 var det berre 22 prosent kvinnelege leiarar i staten, og i 2005 var talet 35 prosent. Ei rekkje tiltak vert sette i verk som mentorprogram, analysar av og krav til rekruttering, mobilitetsordningar osv. Det viser seg at systematisk innsats over tid gir god verknad.

Eg har jo mitt daglege arbeid i departementet. For departementa under eitt i 2005 var det 39 prosent kvinnelege mellomleiarar og 30 prosent kvinnelege toppleiarar. Vi kan ikkje vere nøgde med dette, men det er flott å sjå dei mange særs dyktige kvinnene vi har i leiande posisjonar.

Arbeidstid
Kor lang arbeidstida skal vere, korleis den skal organiserast og fordelast over livsløpet er ein nøkkelfaktor i korleis samfunnet fungerer. Tidsorganiseringa er styrande for kor godt og effektivt vi løyser produksjonsoppgåvene i arbeidslivet. Men den har også store konsekvensar for korleis vi handterer oppgåver i andre samanhengar, slik som i familien, i nabolaget, i organisasjonslivet og i fritida.

Arbeid til alle er eit overordna politisk mål. Deltaking i arbeidslivet er eit viktig gode som gir kvar einskild høve til utfalding og inntekt. Dessutan treng vi folk i arbeid for å løyse mange viktige oppgåver. I 2005 var nær 740 000 personar utanfor arbeidslivet ved at dei fekk ei eller anna form for kort- eller langtidsyting frå offentleg sektor (sjukepengar, dagpengar, sosialhjelp i tillegg til uføre-, rehabiliterings- og attføringsordningar mv). Dette er ein auke på drygt 130 000 personar sidan 2000. Eit viktig spørsmål er om det er mogleg å finne fram til arbeidstidsordningar som kan verke inkluderande i arbeidslivet. Arbeidslivet er tøft for mange, og betre tilpassa arbeidstider kan få mykje å seie for å om vi får fleire hender i arbeid. Vil redusert arbeidstid føre med seg mindre sjukefråvær? Kva må til av arbeidstidsendringar for at folk skal stå lengre i arbeid før dei går av med pensjon? Kva innverknad har arbeidstidsordningane på om enkeltpersonar vel deltids- eller fulltidsarbeid? Er dagens tidsorganisering i arbeidslivet i takt med behova hos store befolkningsgrupper?

Diverre har vi ikkje så stort kunnskapsgrunnlag for debatt og avgjerder om arbeidstid. Det finst ein 20 år gammal analyse av arbeidstid frå 1980-talet, i tillegg til nokre studiar av spreidde forsøk med arbeidstidsreduksjonar. Men etter det vi veit til no, finst det få analysar som gjev sikker kunnskap om korleis ulike arbeidstidsordningar verkar med omsyn til sjukefråvær, pensjoneringsåtferd etc.

Det er viktig å skaffe fram vesentleg betre kunnskap om arbeidstidsreformer. Kunnskapen skal gje grunnlag for å kunne ta avgjerder om bruk av arbeidstid som verkemiddel for å få fleire i arbeid, og for å eventuelt å kunne leggje strategiar for langsiktige arbeidstidsreformer. Dette er bakgrunnen for at regjeringa har teke initiativ til å førebu forsøks- og forskingsverksemd om arbeidstidsreformer i samarbeid med partane i arbeidslivet.

Ideelt sett kunne vi ønskje oss kunnskap om ei rekkje forhold, blant anna:
Korleis verkar ein reduksjon av den daglege eller vekentlege arbeidstida, eller andre arbeidstidsreformer som kan vere fleksibelt uttak av nedsett arbeidstid ? Korleis verkar arbeidstidsendringar for alle arbeidstakarar innanfor ei verksemd og for bestemte grupper: barnefamiliar, eldre, personar med høgt sjukefråvær osb? Kva har arbeidstida og organiseringa av denne å seie for sjukefråvær, produktivitet, kor nøgde brukarane er, pensjoneringsalder, deltidstilsetjing, likestilling, trivsel for arbeidstakarane, fordelar og ulemper for arbeidsgjevar etc.

Det er neppe mogleg å få svar på alle desse og andre spørsmål i eitt eller fleire avgrensa forsøk. For å få fram sikker kunnskap må vi derfor kombinere konkrete forsøk med analysar og forsking og leggje til erfaringar frå andre land.

Vi treng ei brei og grundig klårgjering av konsekvensane av til dømes 6 timars arbeidsdag og liknande arbeidstidsendringar. Førebuingane vil bli gjorde i år. I statsbudsjettet vil regjeringa fatte avgjerd om tiltak for å få vesentleg betre kunnskap om arbeidstidsordningar for 2007.

LO har tatt initiativ til å starte forsøk med arbeidstidsreduksjonar i løpet av året. Våre forsøk i staten, kombinert med forsøka i andre sektorar, vil gi svært nyttige bidrag til innsikt i kva for effektar ulike arbeidstidsreformer kan ha.

Debatten om arbeidstidsreformer dei seinaste vekene viser at mange er interesserte i temaet. Somme har enkle og sterke oppfatningar om tidsorganisering. Mytar og forelda innsikt må ikkje stå i vegen for arbeidstidsordningane i framtida.

Kvinner og lønsarbeid i åra framover
Skal kvinner fungere godt i arbeidslivet må vi ha reell likestilling også i heimen. Vi veit alle at det er stor skilnad frå familie til familie, men oftast ber kvinna den tyngste børa. Analysar av bruk av tida vår viser at det går rett veg, om enn svært seint. I 1971 utgjorde den tida menn brukte til husarbeid berre 15 prosent av den tida kvinner brukte til husarbeid. I 2000 var prosenten auka til 43. Utviklinga har samanheng med at kvinner no bruker langt mindre tid til husarbeid, pluss at fleire menn tek del i arbeidet heime.

Eit anna særs spennande utviklingstrekk er utdanning. Her er kvinnene betre enn menn når det gjeld utdanning frå universitet eller høgskule. Kva betyr dette for framtida? Står vi framfor ein ny revolusjon, ikkje det at kvinner kjem inn i arbeidslivet, men at dei etterkvart òg tek fleire sentrale posisjonar?

Eg meiner vi ikkje skal vere godtruande. Vi har no få formelle skilnader mellom menn og kvinner. Men negative haldningar til kvinner og det arbeidet kvinner gjer, sit tungt inne. Sjølv vart eg omtala av Trygve Hegnar i Finansavisen to dagar etter at regjeringa vart skipa: Det er ikkje trygt å ha ein statsråd for konkurransepolitikk som har bakgrunn som førskulelærar, skreiv han! Tenk om Jens hadde sete saman regjeringa på ein litt anna måte og valt Øystein Djupedal som fornyingsminister. Trur nokon at Trygve Hegnar då ville ha skrive at det ikkje er trygt å ha ein statsråd for konkurransepolitikk med bakgrunn frå arbeid i eit trykkeri?

Ein statsråd må sjølvsagt finne seg i friske ordskifte, og det er greitt nok. Men tenk på at slike gamaldagse gubbehaldningar møter vanlege kvinner kvar einaste dag, ved tilsetjing i stillingar, ved fastsetjing av løn, ved tildeling av oppgåver osv. Då trur eg vi skal ha klårt for oss at det vil vere ein hard kamp å få reell likestilling i arbeidslivet.