Historisk arkiv

Om polemikk og politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagens Næringsliv 28. juli 2006

Om polemikk og politikk

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagens Næringsliv 28. juli 2006.

I innlegget ”Konkurransepolemikk” i DN 19. juli av Dag Henning Reksnes i Kjøttbransjens Landsforbund får eg kritikk for å ha gjort om Konkurransetilsynet si avgjerd om at Prior ikkje fekk kjøpe opp konkurrenten Norgården. Han seier avgjerda fullstendig manglar god grunngjeving.

Når Regjeringa lét Prior få kjøpe Norgården, var det fordi landbrukspolitiske omsyn veide mest i ei samla vurdering. Kort sagt gjekk desse omsyna ut på at det før ei venta, omfattande endring i WTO-avtala, var naudsynt å gje Prior ein slik posisjon i marknaden at ein best mogleg kunne halde oppe måla om norsk produksjon av egg og inntekter til produsentane. Det landbrukspolitiske omsynet var såleis å gje styrke i marknaden for å vere budd når konkurransen frå utlandet auka som fylgje av ei endra WTO-avtala.

Dette var ei vurdering som ei samla regjering stod bak. Sjølv om WTO- forhandlingane no har brote saman, måtte regjeringa handsame fusjonen slik situasjonen var der og då. At Reknes og mange andre har eit anna syn på korleis norske landbruksinteresser best skal sikras og slåst for dette, er ein del av det politiske systemet vårt, og ei medverkande årsak til at veljarane stemde inn ei ny regjering.

Reksnes spør kvifor samvirkeorganisasjonane må ha ”særhandsaming”, og kva grunnlag eg har for bastant å slå fast at dei er nødvendige for å nå dei landbrukspolitiske måla. Han lurer òg på om staten vil gripe inn og ekspropriere private, frittståande verksemder dersom desse truar marknadsposisjonen til samvirkeverksemdene. Det siste spørsmålet seier kanskje meir om Reksnes røyndomsoppfatning enn om regjeringa sin konkurransepolitikk, dei andre høyrer meir heime hjå landbruksministeren. Men les Reksnes Soria Moria-erklæringa, kan det umogeleg kome som nokon overrasking at denne regjeringa legg stor vekt på samvirket si rolle i jordbrukspolitikken. Regjeringa er oppteken av å sikre sysselsetjing og inntekt for bøndene over heile landet og å halde ved lag kulturlandskapet i landet vårt.