Historisk arkiv

Skivebom frå Abelia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Computerworld 24. november 2006.

Skivebom frå Abelia

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Computerworld 24. november 2006.

Ein påstand vert ikkje sann sjølv om den vert gjenteken. To gonger på kort tid har Abelia-direktør Paul Chaffey kritisert undervegsrapporten for eNoreg 2009. Han meiner rapporten skryter for mykje av stoda i eNoreg. Burde ikkje Chaffey i staden vere glad for at det går med store steg framover for det elektroniske Noreg?

Kritikken som Abelia-direktøren kjem med mot meg og mot eNoreg-rapporten i sine innlegg i Computerworld 17. 11 og DagensIT 29.10 treffer så langt til side for blinken at det kan vere på sin plass med ei avklaring.

Vurderinga av status for eNoreg 2009-planen i den omtalte undervegsrapporten er ikkje, slik Paul Chaffey hevdar, laga av meg eller mi regjering. Det er, tvert om, ei objektiv og uavhengig vurdering gjort av Rambøll Management.

Det rapporten syner er at regjeringa det siste året har teke eit langt steg nærare realiseringa av eNoreg 2009. Status i oktober i år viser at det er ei markant utvikling i forhold til mange av måla, og at vi er i fremste rekkje internasjonalt på mange område innan IKT. Dei fleste tiltaka for 2007 i eNoreg-planen er allereie utkvitterte, og rapporten syner at det har skjedd ei markant utvikling berre på det eine året eg har vore i statsrådstolen.

Chaffey meiner det ikkje er denne regjeringa sine politiske vegval som ligg til grunn for at utviklinga er positiv, noko undervegsrapporten ikkje påstår. Chaffey ser likevel ikkje ut til å innsjå at om vi skal nå måla er det denne regjeringa som må gjere noko. Det er denne regjeringa som har løyvd rekordmange millionar kroner til utbygging av breiband i distrikta. I revidert nasjonalbudsjett la vi på 50 millionar kroner, og i forslaget til statsbudsjett for neste år legg vi over 100 millionar kroner i breibandpotten. Slik har vi bidratt til å sikre at arbeidet med å gi alle innbyggjarane breiband har skote fart.

Chaffey meiner vidare, overraskande nok, at det er negativt at utbygginga skjer både med offentlege og private pengar. Men det er nettopp dette som er poenget, at både private utbyggjarar og det offentlege drar same veg i breibandsutbygginga. Chaffey bur i Bærum og har nok ingen problem med å logge seg på nettet. Men han tek grundig feil når han seier at marknaden vil klare å tilby alle innbyggjarane breiband. Det er eit behov for offentlege midlar for å sikre at dei områda i landet der dei kommersielle aktørane ikkje vil byggje ut også vert kopla på Internett, og det er her regjeringa tek sitt ansvar gjennom Høykom.

Chaffey hevdar òg at regjeringa har sett ned tempoet i arbeidet med Miside. Også her skyt Abelia til side for blinken. Ja, faktisk treffer ikkje Chaffey målskiva eingong. Det er ikkje mi oppgåve å vurdere om den førre politiske leiinga råkøyrde i arbeidet, men vi held fartsgrensa og vi har teke ein ny veg mot målet. Abelia burde vite at Miside vart utsett på grunn av at modellen som låg til grunn for tryggingsportalen ikkje vart godkjent av PKI-leverandørane. Difor måtte denne regjeringa finne ei ny løysing, og om ikkje lenge kjem vi til å lansere Miside som den norske innbyggjarportalen.

Så er det sjølvsagt nokre område der vi ikkje er komne langt nok, og det har vi markert. Vi er ikkje komne så langt som vi skulle ønskje i bruken av elektronisk kommunikasjon i det offentlege, i bruken av eID og når det gjeld forskingsinnsats på mellom anna IKT-området. Vi er heller ikkje i mål når det gjeld elektronisk handel. Men perioden for eNoreg 2009-planen er enno ikkje omme.

Undervegsrapporten fortel oss altså både kor vi er i mål, kor vi er på veg og kor vi heng etter. Og den tydeleggjer at vi har jobba godt med IKT-satsinga det siste året. Eg tek ikkje æra for tilstanden slik Abelia hevdar, men eg frydar meg over dei områda der det går bra og lover full innsats og vidare arbeid der vi ikkje er i mål. Innan kort tid skal eg leggje fram ei stortingsmelding om IKT-politikk som vil setje IT-politikk øvst på dagsordenen og som vil innehalde gode løysingar på dei utfordringane som ligg framfor oss.

Er så dette noko å bli sur for? Ville det vore eit betre alternativ å putte heile eNoreg i skuffa og seie: ”Ikkje vår plan”? Nei, sjølvsagt ikkje. Det burde fryde direktøren for Abelia at det er brei politisk semje i regjeringa om å følgje opp eNoreg-planane og satse på framleis sterk utvikling på IKT-området.