Historisk arkiv

DN imot mindre byråkrati?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Leiaren i DN 12. oktober inneheld så store feil og misforståingar at eg ikkje kan tru at avisa har lese høyringsnotatet eller pressemeldinga vi sendte ut i samband med forslaget om å styrkje konkurranselova og effektivisere sakshandsaminga, skriv fornyingsministeren i dagens DN.

Leiaren i DN 12. oktober inneheld så store feil og misforståingar at eg ikkje kan tru at avisa har lese høyringsnotatet eller pressemeldinga vi sendte ut i samband med forslaget om å styrkje konkurranselova og effektivisere sakshandsaminga. La meg difor forklare forslaget på nytt.

I dag må Fornyings- og administrasjonsdepartementet avslutte klagesakshandsaminga knytt til konkrete, faglege vurderingar og stå fast på Konkurransetilsynets vedtak om å forby ein fusjon før regjeringa kan handsame saka etter § 21 og tillate det same ervervet. Det er både ressurs- og tidkrevjande når det er klart at regjeringa vil vurdere å tillate fusjonen av omsyn til andre viktige samfunnsomsyn enn konkurranse. Forslaget inneber ikkje at terskelen for inngrep mot konkurranseskadelege fusjonar og oppkjøp vert lågare enn i dag, eller at det skal verte enklare å setje til side omsynet til konkurransen. Det er framleis eit ufråvikelig krav at saka skal vere av prinsipiell eller stor verdi i samfunnssamanheng, og avgjerda kan berre treffast i statsråd. Det er såleis heilt gale når DN påstår at det skal bli lettare å overkøyre konkurransedirektøren.

Det er om mogeleg enno meir villeiande når DN påstår at forslaget vil gjere konkurransedirektøren meiningslaus. Han skal framleis forby fusjonar som fører til eller forsterkar ei vesentleg innskrenking av konkurransen. Desse skal berre baserast på konkurransemessige vurderingar og innehalde ei fagleg vurdering av dei konkurransemessige verknadene av ein fusjon. Vedtaka er offentlege.

Forslaget inneheld inga endring i Konkurransetilsynets stilling. Alle relevante argument med omsyn til verknaden for konkurransen vil finnast når regjeringa føretek ei avveging mellom omsynet til konkurransen og andre omsyn av stor verdi i samfunnet. I den graden forslaget vil ha nokre verknader ut over det eg har gjort greie for over, så vil det vere at regjeringa får betre tid til å vurdere om andre viktige samfunnsomsyn skal gå føre omsynet til konkurransen og i tilfelle å grunngi kvifor det er slik.

Det vil gjere det enno tydelegare at Konkurransetilsynets faglege vurderingar ikkje vert sette til side, men at omstøytinga av vedtaket skuldast ei politisk vurdering. Då vil vi få eit betre grunnlag for ein politisk diskusjon. Men det føreset at DN faktisk les vedtaka våre.