Historisk arkiv

Felles løft for breiband

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Saman med lokale krefter sørgjer Regjeringa for at så å seie alle i Telemark får breibandstilgang. Av den totale potten fekk fylket over ein fjerdedel av midla, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i fleire Telemarksaviser.

Saman med lokale krefter sørgjer Regjeringa for at så å seie alle i Telemark får breibandstilgang. Av den totale potten fekk fylket over ein fjerdedel av midla.

Gjennom Høykom-ordninga har Regjeringa no gitt nye 26 millionar kroner til breibandsutbygging i Telemark. Av dei 100 millionane vi totalt gav til breibandsutbygging, har Telemark altså fått over ein fjerdedel! Saman med lokal satsing vil det gi heile fylket tilgang. Ei slik utbygging hadde vore uråd utan at kommunane, fylket og ulike breibandsaktørar hadde vist engasjement og handlingsvilje. Dette er løft både for innbyggjarane og for næringslivet.

Kvardagen for næringslivet er prega av at kommunikasjon mellom bedrifter  i større og større grad vert digital. Det gjeld òg kommunikasjon mellom bedrifter og offentlege instansar. Utan tilgang til linjer som kan frakte store mengder informasjon raskt og sikkert, blir ein slik kvardag vanskeleg. I nokre tilfelle blir den umogleg. Med den nye løyvinga vil næringslivet i heile Telemark få tilgang til nødvendig infrastruktur, og breiband mogleggjer små gründerbedrifter i grendene, der heile verda er marknaden.

For innbyggjarane er breibandsnettet  nødvendig for at  alle skal kunne ta del i kunnskapssamfunnet. Det er viktig for skuleopplæringa og for innbyggjarane sin tilgang til offentlege tenester. Med høghastigheitsinternett opnar det seg nye arenaer for læring, sidan stadig meir av vår felles kunnskap blir digitalisert og mykje av undervisninga skjer ved hjelp av nettet. Internett er i dag også ein viktig kanal for underhaldning, og det går ikkje å bruke smale liner når ein til dømes skal sjå film eller kjøpe musikk. Utan breiband blir bygda lite attraktiv for unge menneskjer, men no kan heldigvis snart alle telemarkingar ta del i same digitale underhaldning. 

Eg er stolt av regjeringa sitt millionbidrag, og imponert over det lokale engasjementet som no gir heile Telemark breibandstilgang.