Historisk arkiv

Offentleg informasjon skal bli betre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Knut Natvig har i Aftenposten 23 august ein kronikk om korleis staten varetek sine informasjonsoppgåver. - Offentleg informasjon på Internett er ei viktig oppgåve som er og vil vere høgt prioritert, skriv Heidi Grande Røys i eit tilsvar. Les heile artikkelen.


Av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

Knut Natvig har i Aftenposten 23/8 ein kronikk om korleis staten varetek sine informasjonsoppgåver. Han tek opp fleire interessante problemstillingar.

Eg er helt einig i at offentleg informasjon kan bli betre. Det gjeld både innhald og formidling. Derfor jobbar vi aktivt med nettopp det. I desember i fjor vart MiSide lansert. Den er eit døme på at vi legg store ressursar i å gjere offentleg informasjon og tenester meir tilgjengeleg. Målet er at MiSide skal bli den viktigaste portalen for folks kontakt med det offentlege. Nye tenester blir heile tida tilgjengelege gjennom portalen.

I vårt arbeid med å utvikle offentlege portalar er vi opptekne av å lytte til brukarane sine behov. Derfor gjennomfører Noreg.no hyppige brukarundersøkingar av offentlege portalar og det vert gjennomført kvalitetsundersøkingar. Gjennom nettprat, e-post og telefonisk kontakt har Noreg.no kvar dag kontakt med brukarar som gir innspel til korleis tenesta kan bli betre. Noreg.no gir òg tilbod om hjelp på telefon til brukarar som ikkje finn den informasjonen dei søkjer etter.

Eg undrar meg over at Natvig set offentleg informasjon opp mot private aktørar. Eg synest det er flott at private engasjerer seg. Wikipedia, kanskje verdas største intellektuelle dugnad, er eit godt døme på korleis viktig informasjon kan skapast av mange aktørar.

Så til dei utfordringane vi får:

1. Ja, vi skal auke presset på offentlege verksemder for å få endå betre satsingar på offentleg informasjon på Internett.

2. Nei, vi trur ikkje vi ønskjer ein gigantportal som inneheld all informasjon, men det må bli enklare å finne informasjon på tvers og det må bli betre samanhang i informasjonen. Opprettinga av eit nytt direktorat med fokus på samordning og standardisering på tvers i forvaltinga er eit viktig steg i rett retning, ettersom gjenfinning og utveksling av data på tvers krev samarbeid mellom etatane og koordinering av IKT-satsinga i heile forvaltninga. 

3. Ja, vi må jobbe for å få betre og meir treffsikre søkjemotorar. Noreg.no jobbar no med ei ny søkjeteneste. Målet er å skape den offentlege søkjemotoren der brukarane skal finne svaret like lett som på Google. Men viktigast av alt, brukarane skal finne det dei leitar etter sjølv om dei bruker sine eigne ord i staden for juristspråket eller byråkratispråket. 

Offentleg informasjon på Internett er ei viktig oppgåve som er og vil vere høgt prioritert. Takk for påminninga.