Historisk arkiv

Utgreiing om særavgifter overleverast Finansdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Særavgiftsutvalet si utgreiing blir overlevert statssekretær Geir Axelsen fredag 22. juni kl. 10.00.

Særavgiftsutvalet si utgreiing blir overlevert statssekretær Geir Axelsen fredag 22. juni kl. 10.00.

Etter overleveringa vil leiaren av utvalet, forskingsleiar Brita Bye, orientere nærare om utgreiinga. Orienteringa blir halden på møterom 153 i Finansdepartementet. Pressa er invitert. Av omsyn til registrering i vakta ber vi om oppmøte seinast kl. 09.55.

Utvalet har hatt ei brei tilnærming til spørsmålet om korleis særavgiftene best mogeleg kan utformast. Blant anna har utvalet vurdert om dagens særavgifter fungerer etter hensikta og på kva måte dei påverkar rammevilkåra for enkeltnæringane og fordelinga av kjøpekrafta.  Utvalet vil foreslå endringar i særavgiftene baserte på dette.


Pressekonferansa kan du sjå på nett-tv