Historisk arkiv

Piratkopiar kan haldast tilbake i tollen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Finansdepartementet

Tollova blir skjerpa i kampen mot piratkopiar

Frå 1. september vil tollmyndigheitene kunne varsle rettshavar eller halde tilbake varer dersom det er mistanke om import av piratkopiar. Dermed set vi rettshavarane i betre stand til å ta vare på rettane sine.

Innførsle av falske merkevarer til Noreg er eit veksande problem. Moglegheitene for å gripe inn har til no vore avgrensa. Tollmyndigheitene har  etter dei tidlegare reglane i tollova ikkje kunne varsle rettshavar eller av eige tiltak halde tilbake varer der det er mistanke om at innførsle vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett.

Derfor er Tollova er med verknad fra 1. september i år endra slik at tollmyndigheitene skal kunne varsle rettshavar dersom det ligg føre ein grunngiven mistanke om at innførsle eller utførsle av varer under tollbehandling vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett. Samtidig skal tollmyndigheitene også kunne halde varene tilbake i inntil fem yrkedagar rekna frå då varselet blei gitt. Endringa vil gjere det lettare for rettshavarane å handheve rettane sine ved å krevje mellombels rådgjerd etter tvangsfullbyrdelsesloven § 15-13.