Historisk arkiv

Ny forseinkingsrente frå 1. januar 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

96/2005

Finansdepartementet har i forskrift fastsette forseinkingsrenta for fyrste halvår 2007. Rentesatsen skal vere 10,5 %.

Pressemelding

Nr.: 96/2006
Dato: 18.12.06
Kontaktpersonar: Tor Martin Bærum, telefon 22 24 41 34 / mobil 91 57 31 12, Erling G. Rikheim, telefon 22 24 45 46/ mobil 97 56 60 94

Ny forseinkingsrente frå 1. januar 2007

Finansdepartementet har i forskrift fastsette forseinkingsrenta for fyrste halvår 2007. Rentesatsen skal vere 10,5 %.

Forseinkingsrenta blir fastsett kvart halvår, med verknad frå 1. januar og 1. juli. Satsen skal vere Noregs Bank si styringsrente, lagt til minst 7 prosentpoeng. Dei nemnde reglane om dette gjennomfører EØS-reglar som svarer til eit EU-direktiv om forseinka betaling.

Sjå forskrifta her.

Forseinkingsrentesatsen er tilgjengeleg på Finansdepartementets heimeside.

Sjå også Finansdepartementets forseinkingsrentekalkulator.