Historisk arkiv

På saka frå dag éin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Nationen

Finansdepartementet har hatt ei rekkje møte, omfemnande brevutveksling og mange samtaler med EU om endringane i innskotsgarantidirektivet. Det vert difor feil når Jan Tore Sanner (H) i Nationen hevdar at Regjeringa har sove i timen, skriver statssekretær Morten Søberg.

Finansdepartementet har hatt ei rekkje møte, omfemnande brevutveksling og mange samtaler med EU om endringane i innskotsgarantidirektivet. Det vert difor feil når Jan Tore Sanner (H) i Nationen hevdar at Regjeringa har sove i timen. Sanninga er at norske styresmakter har teke denne saka på djupt alvor heile tida.

Hausten 2008 gjorde EU-Kommisjonen framlegg om ein monaleg auka av minimumsnivået for innskotsgaranti til 100.000 Euro. Ei god innskotsgarantiordning er viktig for finansiell stabilitet, og Noreg støtta ei slik utviding som eit minimumskrav. Handsaminga av saka i Rådet snudde derimot opp-ned på Kommisjonen sitt framlegg, og gjekk inn for totalharmonisering av garantinivået. Dette ville, om Noreg skulle fylgt opp, innebera at innskotsgarantidekninga vår hadde vorte redusert frå 2 millionar kroner per innskytar per bank, til om lag 800 000 kroner. Det norske dekningsnivået gjer at folk kjenner seg sikre på at sparepengane deira er trygge. Dette medverkar òg til å hindra såkalla ”bank runs” ved eventuelle problem i banksystemet.

Tidlegare finansminister Kristin Halvorsen reagerte difor med ein gong då forslaget om fullharmonisering vart kjent i november 2008; både med brev og til og vitjingar hjå relevante personar i EU-systemet. Dette vart fylgt opp med kontinuerleg høg aktivitet frå norsk side – frå dag éin, heile tida sidan og framover òg. Påstanden om at vi ikkje har fylgt med i timen saknar dimed faktagrunnlag og sviv tannlaust omkring bortanfor røyndomen.