Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

20 millionar kroner til styrkt beredskap mot akutt forureining

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

-Med denne bevillinga til beredskap og overvaking, vil vi styrke sjøtransporten og sikre ei god miljø- og ressursforvaltning, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Den auka løyvinga på 20 mill. kroner vil gå til oljevernutstyr som  lenser for rask respons og strandrenseutstyr samt kurs og øvingar for å styrkje kompetansen i beredskapsapparatet. I tillegg vil senter for sjøtryggleik, oljevern og havovervaking i nordområda ved sjøtrafikksentralen i Vardø bli styrkt.

Kystverket la i 2011 fram ein heilskapleg miljørisiko- og beredskapsanalyse om akutt forureining frå skipstrafikk utanfor fastlands-Noreg. Beredskapsanalysen gir tilrådingar om nivået på beredskapen og er ein del av grunnlaget for avgjerder om dimensjonering av statens beredskap.

Med forslaget til løyving for 2014 tek denne regjeringa eit nytt steg mot å oppfylle beredskapsanalysen sine tilrådingar, ved  investeringar i utstyr og styrking av kompetansen i beredskapsapparatet.Med forslaget i statsbudsjettet 2014 er det løyvd 65 mill. kroner  til oppfølging av analysen sidan 2011.

Det er dei siste åra innført ei rekkje nye sjøtryggleikstiltak i Nord-Noreg. Seglingsleier utanfor territorialfarvatnet frå Vardø til Røst har flytta skipstrafikken lengre ut frå kysten, og gir slepebåtberedskapen betre tid til å aksjonere når fartøy er i drift. Det er innført AIS-overvaking (automatisk identifikasjonssystem for skip) langs heile kyststrekninga, og det er etablert eit norsk–russisk skipsrapporteringssystem som gir betre oversikt over sjøtransporten frå Russland. Ut frå ei samla vurdering av utviklinga når det gjeld sjøstryggleiken, foreslår regjeringa å redusere slepebåtberedskapen i Nord-Noreg frå tre til to fartøy.

Til toppen