Historisk arkiv

NTP: Betre sjøveg til Bergen hamn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

-Bergen hamn er ei av fem hamner i Noreg som blir sett på som særleg viktige for å utvikle ein effektiv og sikker sjøtransport av personar og gods. Regjeringa legg no til rette for å gjere sjøvegen inn til hamna betre ved at vi foreslår utbetring i den nordlege innseglinga og eit anna tiltak ved Færøyfluene, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Dei to tiltaka har ei samla kostnadsramme på 249 mill. kr.

Askøybrua set grenser for den frie sjøvegen til Bergen hamn. Høge cruisefartøy, oljeplattformer og andre høge, flytande farkostar er hindra frå å gå inn til indre hamn i Bergen. Etter utdjupinga skal farleia ha ei djupne på -13,5 meter og minstebreidde på 200 meter.

Færøyfluene ligg i innseglingsleia til Bergen hamn. Utbetringa vil gi ei rettare og meir oversiktleg farlei. Færøyfluene er planlagt utdjupa til -14 meter.