Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Starter opp nye farled og havneutbygginger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 468,68 millionar kroner til statleg utbygging av fiskerihamner og farleier og 61,98 millionar kroner i tilskot til fiskerihamneprosjekt.

Regjeringa foreslår å løyve 468,68 millionar kroner til statleg utbygging av fiskerihamner og farleier og 61,98 millionar kroner i tilskot til fiskerihamneprosjekt.

-Fiskerihamnene er viktige for å kunne vidareutvikle fiskerinæringa og sikre busetting langs kysten. Tiltak i farleiene aukar sikkerheit og framkomst i farvatna, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Regjeringa foreslår å starte arbeidet med to nye fiskerihamner, Sommarøy i Troms og Napp i Nordland. Det er sett av til saman 46 millionar kroner til desse to prosjekta i 2014, og begge skal etter planen fullførast i 2015.


I Sogn og Fjordane er det forslag om å gjennomføre to farleisanlegg i 2014 – Svelgen og Florø. Der er sett av i alt 55 millionar kroner til desse to prosjekta.


Elles går løyvinga på dette området til å vidareføre prosjekt som alt er i gang, og i løpet av 2015 skal fleire store prosjekt sluttførast. Det gjeld fiskerihamnene i Træna i Nordland og Vannvåg i Troms og farleisarbeida ved Husøy i Rogaland og Harstadbotn og Finnsnesrenna i Troms.

Det er forslag om tilskot til 11 kommunale fiskerihamneanlegg i 2014. Det er også sett av 5 millionar kroner til vidare forundersøkingar i samband med Stad skipstunnel.

Prosjekt som får løyving i 2014 – fylkesvis oversikt

Finnmark

  • Båtsfjord kommune får tilskot til flytebrygger i Båtsfjord på 3,810 mill. kroner
  • Loppa kommune får tilskot til flytebrygger i Bergsfjord på 400 000 kroner
  • Nordkapp kommune fekk i 2013 tilsegn om tilskot på 700 000 kroner til flytebrygge i Kamøyvær. Tilskotet kan utbetalast i 2014
  • Båtsfjord kommune fekk i 2013 tilsegn om tilskot på 2,0 mill. kroner til flytebrygger i Båtsfjord. Tilskotet kan utbetalast i 2014
  • Lebesby kommune får tilsegn om tilskot til utdjuping i Kjøllefjord på 11,0 mill. kroner. Tilskotet kan utbetalast i 2015

Troms

  • I Tromsø kommune blir arbeidet sett i gang med å utbetre fiskerihamna i Sommarøy. Prosjektet omfattar utdjuping i heile indre hamn og i innseglinga, avkorting av molo for å få større breidde i innseglinga og betre merking.
    Totalramma er 76 mill. kroner, og det er planlagt utbetalt 30 mill. kroner i 2014.
    Estimert sluttføring er i 2015
  • Karlsøy kommune får tilskot til molo i Stakkvik på 3,05 mill. kroner
  • Torsken kommune får tilskot til kai i Gryllefjord på 2,700 mill. kroner

Nordland

  • I Flakstad kommune blir arbeidet med å utbetre fiskerihamna i Napp sett i gang. Prosjektet omfattar utdjuping av innseglinga og hamnebassenget, bygging av molo på 90 m og nymerking. Totalramme er 52 mill. kroner, og planlagt utbetaling i 2014 er 16 mill. kroner.
    Estimert sluttføring er i 2015
  • Dønna kommune får tilskot til bygging av molo og flytebrygge  i Åkervågen på 3,86 mill. kroner
  • Bø kommune får tilskot til molo i Skårvågen på 1,93 mill. kroner
  • Herøy kommune får tilskot til kai i Herøy næringspark på 2,77 mill. kroner
  • Andøy kommune fekk i 2013 tilsegn om tilskot på 14,7 mill. kroner til utdjuping i Andenes vestre hamn. Tilskotet kan utbetalast i 2014
  • Herøy kommune fekk i 2013 tilsegn om tilskot på 2,6 mill. kroner til bygging av kai i Herøy næringspark. Tilskotet kan utbetalast i 2014

Sør-Trøndelag

  • Hitra kommune får tilskot til bygging av kai i Sandstad på 8,07 mill. kroner
  • Hitra kommune får vidare tilsegn om tilskot til bygging av kai i Sandstad på 9,0 mill. kroner. Tilskotet kan utbetalast i 2015

Sogn og Fjordane

  • I Bremanger kommune blir det sett i gang arbeid medå utdjupe innseglinga til Svelgen. Oppmerkinga vil bli fornya. Totalramma for arbeidet er rekna til 17 mill. kroner, og arbeidet er planlagt gjennomført i 2014
  • I Flora kommune blir det sett i gang arbeid med utdjuping av grunner i innseglinga til Florø. Det vil også bli sett opp 9 nye navigasjonsinnretningar. Totalramma for arbeidet er rekna til 38 mill. kroner, og arbeidet er planlagt gjennomført i 2014
  • Askvoll kommune får tilskot til fiskerikai i Herlandsvik på 13,1 mill. kroner
  • Det er sett av 5 mill. kroner til vidare forundersøkingar i samband med Stad skipstunnel

Vest-Agder

  • Søgne kommune får tilskot til Langenes flytebryggeanlegg på 1,88 mill. kroner
  • Flekkefjord kommune får tilskot til bygging av ny dolphin/dykdalb for å sikre innseglinga til hamna. Tilskotet er på 410 000 kroner.
Til toppen