Ventar seg mykje av Hav21
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 24.11.2011
– Eg ventar meg mykje av Hav21, sa statsråd Lisbeth Berg-Hansen då ho møtte strategigruppa for Hav21 som hadde det første møtet sitt i Oslo 22. november.
– Eg ventar meg mykje av Hav21, sa statsråd Lisbeth Berg-Hansen då ho møtte strategigruppa for Hav21 som hadde det første møtet sitt i Oslo 22. november.
Strategigruppa for Hav21 er oppnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet for å utvikle forslag til ein samla strategi for all marin forsking dei komande åra. Då Lisbeth Berg-Hansen møtte strategigruppa denne veka, refererte ho til at Noreg i dag brukar om lag 2,8 milliardar kroner årleg på marin forsking.
– Hovudspørsmålet er om vi brukar midlane rett, om vi gjer dei rette tinga. Er vi der vi skal vere for å kunne konkurrere om internasjonale midlar som utgjer ein stadig større del av forskingsfinansieringa, spurde statsråden blant anna. Ho understreka at strategigruppa for Hav21er breitt samansett nettopp for å kunne stille dei spørsmåla som kan gi grunnlag for ein samla strategi.
Hav21-strategien skal peike på kvar vi må satse på ny kunnskap for å styrkje forvaltning og næringsutvikling. – Eg har store ambisjonar på vegne av norsk sjømatnæring i vid forstand, sa Lisbeth Berg-Hansen og fortalde om departementet sitt arbeid med ei ny stortingsmelding om sjømat. Meldinga skal vere med å løfte fram morgondagens sjømatnæring. Hav21-strategien vil bli eit sentralt innspel i arbeidet med sjømatmeldinga som er venta ferdig våren 2013.
- Les meir på Noregs forskingsråd sine nettsider