Historisk arkiv

Perspektiva for forvaltningsplanen, nordområda og MAREANO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innlegg av Vidar Ulriksen, statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet på MAREANO Brukarkonferanse, Tromsø, 16. oktober 2007.

MAREANO Brukarkonferanse, Tromsø, 16. oktober 2007

Vidar Ulriksen, statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet

Gode forsamling

Ein klok person sa ein gong at ein skal ikkje tru – ein skal vite. Eg sluttar meg heilhjarta til denne utsegna. Det å vite og ikkje berre tru, er nemleg årsaka til at MAREANO er så viktig. Med MAREANO kan vi slutte å tru om det som er på havbotnen og begynne å vite.

Med MAREANO har vi som kjent starta ei systematisk kartlegging av naturressursane. Vi har begynt i nord og skal sakte, men sikkert ta for oss alle dei norske havområda. Kunnskapen vi opparbeider gjennom kartlegginga vil vere sentral i ei økosystembasert forvaltning. Alle avgjerder som forvaltninga tar har konsekvensar – både tilsikta og utilsikta. Eg håpar at vi med MAREANOs kartlegging av havbotnen vil få eit langt betre grunnlag for å forvalte dei levande marine ressursane våre på ein forsvarleg og berekraftig måte.

Betre kunnskap om havbotnen gjer det muleg for oss å leite meir målretta etter spesielle organismar. Slik kan vi styrke mulegheitene for lokal næringsverksemd basert på bioprospektering. Altså leiting etter verdfulle, biologiske aktive komponentar frå organismar i havet. Tradisjonelt har mennesket funne medisinar og andre stoff som vi treng på landjorda. Hittil har det vore vanskeleg å leite etter slike stoff i havet. Ny teknologi gjer no dette lettare. Hittil er berre eit fåtal av dei marine ressursane undersøkte med tanke på kommersiell utnytting. Vi veit at det finst verdfulle og nyttige stoff i havet. Vi veit også at sjansane for å finne slike stoff er størst i område med ekstreme miljøtilhøve slik som i våre arktiske strøk og djuphavsområde. Altså akkurat der MAREANO no er i ferd med kartleggje havbotnen.

Staten, ved blant andre Fiskeri- og kystdepartementet, er i ferd med å etablere fleire institusjonar og verkemiddel som skal støtte opp under marin bioprospektering i Norge. I budsjettforslaget for 2008 styrkjer regjeringa satsinga på marin bioprospektering med til saman 12 millionar kroner. (Midlane er fordelte med 5 millionar kroner over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett og 7 millionar kroner over Nærings- og handelsdepartementets budsjett.) I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre løyvingane til MABIT-programmet (Marin bioteknologi i Nord-Norge) og Marbank, den marine biobanken som starta i 2005.

Som eg allereie har nemnt, og som de alle veit, har vi med MAREANO starta ei systematisk kartlegging av havbotnen. Og vi har starta i nordområda, i ein region som tradisjonelt har vore avhengig av aktivitetar som fiske og jakt. Men tidene endrar seg. Dei ikkje-fornybare ressursane vert eit stadig viktigare tema i nordområda. Saman med fiskeria står no uttak av mineralar og fossilt brensel for dei viktigaste økonomiske bidraga i regionen. Den økonomiske veksten kan tyde på gode økonomiske tider for lokalsamfunna, men utviklinga representerer også store utfordringar. Og då tenkjer eg sjølvsagt på miljøet.

For å sikre ein langsiktig sameksistens mellom  alle dei ulike menneskelege aktivitetane må all ressursnytting planleggjast nøye, og ikkje minst må vi få til ei berekraftig utnytting av ressursane. Det er ei særleg stor utfordring å minimalisere dei potensielt negative effektane frå industrielle aktivitetar på økosystema i nordområda. Den etter kvart velkjende Forvaltningsplan Barentshavet er eit verktøy i denne samanhengen. Planen skal nettopp sikre balansert sameksistens mellom petroleumsverksemda, den aukande maritime transporten, utnyttinga av marine ressursar og behovet for å beskytte miljøet. Med ein forankring på høgste politisk nivå, Stortinget, er Noreg eit føregangsland med omsyn på å ta i bruk heilheitelege forvaltningsplanar i marine områdar. Planen skal reviderast innan 2010, og svært mykje kunnskap skal vere på plass før den tid. MAREANO spelar ei nøkkelrolle med sitt kartleggingsarbeid. Ikkje minst i dei områda som er karakteriserte som særskilt sårbare, og som skal vurderast på nytt i 2010 for eventuell opning for petroleumsaktivitet.

For å imøtekomme desse og andre utfordringar som Norge har i nordområda har regjeringa foreslått å auke satsinga på tiltak for nordområda med over 196 millionar kroner samanlikna med 2007-budsjettet. Blant anna foreslår regjeringa 10 millionar kroner til oppfølging av Forvaltningsplan Barentshavet, 5 millionar kroner til eit nytt isgåande forskingsfartøy og 10 millionar kroner til tiltak mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske. Det er midlar som vi håpar skal bidra til ei berekraftig forvaltning av resursane i nord.

Det var litt om dei norske prioriteringane.

Havet forvaltar vi derimot i fellesskap med andre. Handlingane til naboane våre vil nødvendigvis påverke miljøet i våre nasjonale farvatn. Langtransportert forureining er eit døme på dette. Difor er det så viktig å ha eit godt og velfungerande naboskap. Heldigvis har vi lange tradisjonar for dette. Blant anna kan Havforskingsinstituttet vise til eit femtiårig forskingssamarbeid med det russiske havforskingsinstituttet PINRO. Barentshavet utgjer eit felles økosystem for Norge og Russland. Eit tett samarbeid med Russland er difor avgjerande for å bevare havmiljøet som vi forvaltar i fellesskap. På same grunnlag er samarbeid om havmiljøet i Barentshavet det høgast prioriterte området innan det norsk - russiske miljøvernsamarbeidet.

Godt naboskap med godt forskingssamarbeid er også viktig i eit klimaperspektiv. Havforskingsinstituttet sitt samarbeid med PINRO har til dømes gjeve oss temperaturmålingar frå Barentshavet gjennom dei siste hundre åra. Slike lange tidsseriar er unike og særs verdfulle når klimaendringar skal under forskarane si lupe. Og kanskje vil kunnskapen vi får frå MAREANO ein gong kunne hjelpe oss til å gje nokre svar på korleis klimaendringane påverkar økosystema?

Naturen er sårbar, særleg i nord. Han må forvaltast med omhug. Å vite og ikkje berre tru, er eit langt steg i rett retning i arbeidet med å forvalte havområda våre berekraftig. Det er difor gledeleg å kunne seie at vi i budsjettet for 2008 foreslår å auke løyvinga for MAREANO med 9 millionar kroner.

Når det er sagt ser eg fram til å høyre om resultata frå siste års arbeid. Siste nytt er at de har funne mykje spennande på det siste hausttoktet. Blant anna eit fasinerande ”canyon” – landskap og at området er relativt upåverka av menneskelig aktivitet. Eg ser fram til ein interessant dag, og vil nytte høve til å ønskje lukke til med den vidare kartlegginga både i 2008 og i åra som kjem.