Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Utgreiing om tvang i psykisk helsevern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Utvalet som har sett på bruk av tvang i psykisk helsevern leverte i dag utgreiinga si til helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Illustrasjonsfoto:
Colourbox.no

Utvalet som har sett på bruk av tvang i psykisk helsevern leverte i dag utgreiinga si til helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Mandatet har vore å greie ut om etiske, faglege og rettslege sider når det gjeld reglar om tvang og praksis ved bruk av tvang innan psykisk helsevern. Utvalet skulle sjå på dette i lys av lova om pasientrettar og menneskerettane.

– Me ønskjer å redusere og kvalitetssikre bruk av tvang der det er naudsynt. Utgreiinga eg har motteke i dag vert svært viktig i dette arbeidet. Eg kjem om kort tid til å sende utgreiinga på høyring slik at alle som er berørt får sagt si meining om utvalet sine forslag, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Utvalet har vore leia av advokat Kari Paulsrud.

  • Utvalet meiner det er behov for å snevre inn adgangen til bruk av tvang som verkemiddel for å yte helsehjelp, og anbefaler at pasientane sin rett til sjølv å bestemme vert styrka når det gjeld spørsmål om behandling. Utvalet foreslår derfor at det ikkje skal kunne brukast tvang overfor personar som er i stand til å ta avgjerd om helsehjelp på eiga hand.
  • Utvalet meiner det er behov for å oppretthalde adgangen til bruk av tvang overfor personar med alvorlege psykiske lidingar som fungerer dårleg og som ikkje er i stand til å ta ei kvalifisert avgjerd om helsehjelp på eiga hand.
  • Ved fare for sjølvmord og ved fare for andre sitt liv og helse meiner utvalet at omsynet til pasienten sin rett til sjølv å bestemme må vike, slik at det i desse situasjonane vil vere høve til å bruke tvang sjølv om pasienten er i stand til å ta ei kvalifisert avgjerd om helsehjelp.
  • Utvalet anbefaler endringar i systemet for kontroll og overprøving. Ein foreslår å etablere ein felles instans for kontroll og overprøving for alle vedtak som vert fatta med heimel i psykisk helsevernloven, og at dette vert lagt til fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. 

Les utvalgets utgreiing her. 

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen mottar NOUen fra utvalgsleder Kari Paulsrud.

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter
Til toppen