Historisk arkiv

Forventningar ved skulestart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Få dagar i året har så mange forventningar og så mykje spaning i seg som første skuledagen. Mest spennande er det nok for dei rundt 60 000 elevane som tek til i første klasse i grunnskulen – og foreldra deira. (Kronikk i VG 18.08.08)

Kronikk i VG 18.08.2008 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell
 
Eg hugsar ein ting veldig klårt frå første skuledagen min. Eg snakka utan å rekkje opp handa. Fleire gonger. Mamma vart flau der ho sat, bakarst i klasserommet. Ho gjekk fram og ville få meg frå det. Eg forstod ikkje kva ho meinte, kunne ikkje spelereglane. Eg måtte lære dei.

Få dagar i året har så mange forventningar og så mykje spaning i seg som første skuledagen. Til saman startar om lag 120 000 elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa i Noreg i år. Mest spennande er det nok dei rundt 60 000 elevane som tek til i første klasse i grunnskulen – og foreldra deira. Dei nye elevane skal lære enkle ting som å rekkje opp handa, vanskelegare ting som å bruke språket, snekre, geometri.

Korleis verda om nokre år vil sjå ut for dei som er seksåringar i dag, er det ingen av oss som veit. Kva slags kunnskapar som vil bli nødvendige og etterspurde, kan vi heller ikkje vite i dag. Men vi veit at dei menneska som er i stand til lære, som kan samarbeide og kommunisere med andre, både i og utanfor landet, som har tillit til eigne evner og har pågangsmot for nye oppgåver, dei vil vere i stand til å møte og makte utfordringane.

Det er umogleg å gi eit bilete av dei tankane og kjenslene som er knytte til første skuledagen. Somme er i startfasen, andre står framfor siste innspurt. Somme møter skulen i trygg visse om at dei vil greie seg bra, andre startar opp med forsett om nettopp I ÅR å ta skeia i ei anna hand og ”rette opp att alle feila frå i går”. Somme ser fram til å møte gamle og nye vener, andre kjenner angst og uro over å skulle møte gamle plageånder – i verste fall også nokre nye.

Sjølv om dei som møter fram til første skuledag, har ulike forventningar, har nok kvar og ein eit ønske om at kommande skuleår skal bere i seg noko godt for meg. Noko som eg kan vekse på, noko som eg kan gle meg over, noko som eg kan vere stolt over å ha greidd, noko som viser at eg har klart å nå måla mine.

For meg som kunnskapsminister er det viktig å streke under at skulen på si side må ha lov til å ha klare forventningar til elevane – og foreldra. Skulen kan aldri lykkast dersom ikkje elevane sjølve er villige til å gjere ein innsats, både for seg sjølve og for den læringsfellesskapen dei er ein del av. Vi må våge å seie at læring er arbeid – av og til er det hardt arbeid, og når eigeninnsats blir kombinert med hjelp og oppmuntring frå skulen, da er det mogleg å setje seg mål og nå dei!

Den store utfordringa for skulen er å gi kvar elev spelerom og noko å strekkje seg etter i det menneskelege mangfaldet som elevane representerer. Eg meiner at norsk skule har eit godt utgangspunkt for å greie dette. Vi har tidlegare i sommar hatt ein debatt om korleis ”den norske modellen”, gjennom fellesskapsløysingar, har gitt oss ei samfunnsutvikling som mellom anna gjer at Noreg ligg på verdstoppen over land med høg livskvalitet. Skulen vår er ein del av dette biletet.

Eit slikt grunnleggjande demokratisk prinsipp om fellesskap skal ein ikkje kaste over bord. Tvert imot, ein skal hegne om det og utvikle det. Sjølvsagt er ikkje den norske skulen lytefri. Vi møter i dag nye utfordringar. Ved skulestart i år er det ei rekkje nye ting ved skulen. Dei viser til saman i kva retning Regjeringa vil endre den norske skulen for å løyse desse utfordringane.

For mange barn fell gjennom slik det er i dag. Vi styrkjer derfor no opplæringa i lesing og rekning. Dette gjer vi gjennom å auke talet på timar. I 2008 aukar timetalet i grunnskulen med til saman fem timar i veka fordelt på dei tre første stega. Kompetansekrava til dei som underviser i norsk, matematikk og engelsk, blir skjerpte, samstundes som det er sett av 30 millionar kroner til tiltak inn mot lærarane for å styrkje lesekompetansen  i skulen. Vi får ei solid satsing på etterutdanning i lesing og meir til tidleg innsats frå neste vår.

Vi skal også demme opp for fråfallet i den vidaregåande skulen. Frå hausten blir faget ”utdanningsval” obligatorisk ved alle ungdomskular. Elevane får prøve ut minst to av utdanningsprogramma i vidaregåande. Såleis vil dei kunne kjenne seg tryggare på at dei gjer rett studieval etter ungdomsskulen. Eit anna tiltak som vil motverke fråfall er innføringa av praksisbrev frå hausten av i alle fylke som ønskjer det, der elevar som er ferdige med ungdomsskulen skal kunne få opplæring i eit toårig opplegg. Hovuddelen av opplæringa vil vere praksisretta og gå føre seg i bedrift. Elevane får på den måten fleire vegar til formell kompetanse.

Forsking og erfaring viser at fleire privatskular  gjer større forskjellar og ein dårlegare offentleg skule. Denne regjeringa garanterer for gratis utdanning til alle, og arbeider mot all privatisering av skulen. Læremiddel skal dessutan vere gratis for alle i vidaregåande skule. Denne hausten får elevar i  Vg3 og Vg2 ordninga med gratis læremiddel på plass. Hausten 2009 følgjer Vg1 etter.

Vegen frå politiske vedtak i Stortinget til eit klasserom kan ofte verke lang. Men mykje av dette vil merkast på alle skular. Fleire skuletimar, eit nytt fag og gratis lærebøker gjeld alle stader. Mange vil også sjå at lærarane får tilbod om kompetanseheving, og at det kjem fleire lærarar til skulen.

Ingen skulepolitikk kan erstatte den enkelte sin innsats og interesse. Vi kan likevel gjere det lettare å yte ein innsats, gjere skulen til ein stad der fleire finn sin veg. Lukke til med skuleåret.