Historisk arkiv

Regjeringa vil opprette frivilligregister

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa fremma i dag forslag om å opprette eit frivilligregister. - Målet er å forenkle samhandlinga mellom frivillig sektor og det offentlege. Det kan spare partane for unødvendig byråkrati og dobbeltarbeid, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Regjeringa fremma i dag forslag om å opprette eit frivilligregister.
- Målet er å forenkle samhandlinga mellom frivillig sektor og det offentlege. Det kan spare partane for unødvendig byråkrati og dobbeltarbeid, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Forslaget er utarbeidd på initiativ frå frivillige organisasjonar og er eit ledd i regjeringa si satsing på frivillig verksemd.

- Registeret vil gje ein informasjonsbank som kan tene som verktøy for framtidig politikkutforming på området. Det vil òg gi betre grunnlag for forsking om frivillig sektor. Ingen skal ha plikt til å registrere seg, men frivillige organisasjonar skal ha rett til å bli registrert, seier statsråd Giske.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at frivilligregisteret vert lagt til Brønnøysundregistra og at etableringskostnadane skal dekkjast av Kultur- og kyrkjedepartementet.

Driftskostnadane skal finansierast gjennom registreringsgebyr og årsavgift. For å stimulere organisasjonane, særleg dei små foreiningane, til å slutte opp om registeret tek departementet sikte på ei ordning som vil kunne medføre eit redusert registreringsgebyr i oppstartfasen. Det er sett av om lag 1. mill. kroner til denne ordninga.

Lovforslaget vart lagt fram i Ot.prp. nr. 55 (2006-2007) Om lov om registrering av frivillig virksomhet.