Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2008

Regjeringa legg til rette for styrking av kommunale tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa styrkjer kommuneøkonomien neste år med endå meir pengar enn varsla i kommuneproposisjonen. Kommunesektoren får ein realvekst på 6,2 milliardar kroner neste år.

Regjeringa styrkjer kommuneøkonomien neste år med endå meir pengar enn varsla i kommuneproposisjonen. Kommunesektoren får ein realvekst på 6,2 milliardar kroner neste år.

- Eg er veldig glad for at vi kan fortsetja styrkinga av kommunane sin økonomi. Eg veit at dette fører til betre tenester for innbyggjarane landet rundt. Budsjettet for neste år legg mellom anna til rette for 2000 nye årsverk i den kommunale omsorgstenesta og 7 700 nye heildagsplassar i barnehagane, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Den raudgrøne regjeringa har gjeve kommunesektoren eit historisk stort økonomisk løft. I perioden 2005-2008 har inntektene til kommunesektoren auka med om lag 21 milliardar kroner. Dessutan har kommunane fått behalda til saman åtte milliardar kroner i auka skatteinntekter i 2006 og 2007.
For 2008 legg regjeringa opp til ein realvekst i dei samla inntektene i kommunesektoren på 6,2 milliardar kroner. Vesten i frie inntekter er 2 milliardar kroner. Av dette er 500 millionar kroner knytt til styrking av finansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. I tillegg kjem 270 millionar kroner til auka timetal i grunnskulen. Timetalet på barnetrinnet aukar med fem veketimar frå hausten 2008.

Regjeringa held fram satsinga på psykisk helsearbeid. Det øyremerkte tilskotet til kommunane vert reelt styrkt med vel 400 millionar kroner, og utgjer i 2008 vel 3,5 milliardar kroner.

Regjeringa følgjer opp reforma med gratis læremiddel i vidaregåande opplæring. Frå hausten 2008 får elevane på vidaregåande trinn 3 gratis læremidlar.

Styrking av kommuneøkonomien i 2007
Kommuneøkonomien er dessutan styrkt med 1,7 milliardar kroner etter revidert nasjonalbudsjett 2007.
- Desse inntektene er eingongsinntekter som kommunane kan bruka til mellom anna vedlikehald av skular eller kyrkjer, innkjøp av bøker eller datautstyr eller dei kan betala ned gjeld. Desse midlane kjem godt med på toppen av den store satsinga regjeringa har gjennomført overfor kommunane. Eg er svært glad for at kommunane med dette får høve til å betra tilbodet til innbyggjarane ytterlegare, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Skatteinntektene til kommunesektoren i 2007 ser ut til å verta 2,2 milliardar kroner høgare enn estimert i revidert nasjonalbudsjett 2007. Samstundes vert prisveksten i kommunesektoren noko høgare i 2007 enn tidlegare rekna med. Samla sett er kommuneøkonomien styrkt med 1,7 milliardar kroner.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen