Historisk arkiv

Endringar i husleigelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå 1. september 2009 blir det endringar i husleigelova. Mellom anna blir det strengare krav til kva som skal nedfellast i leigekontrakten. Vanskelegstilte på bustadmarknaden får dessutan styrka vern.

Frå 1. september 2009 blir det endringar i husleigelova. Mellom anna blir det strengare krav til kva som skal nedfellast i leigekontrakten. Vanskelegstilte på bustadmarknaden får dessutan styrka vern.

-  Med endringane blir rettar og plikter tydelegare for både leigetakarar og utleigarar, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.

Utleigaren må etter 1. september skriftleg opplysa leigetakaren om at ein tidfesta leigeavtale ikkje kan seiast opp i leigeperioden. Dersom leigetakaren ikkje får denne opplysninga, vil han likevel kunna seia opp leigeavtalen. Det er og nytt at utleigaren kan avtala godtgjering for faktisk forbruk av vatn og kloakk som tillegg til leiga.

Det blir og nye krav om at depositum skal setjast inn på ein særskild konto som opprettast i namnet til leigetakaren. Etter at leigeforholdet er opphøyrt, må utleigaren varsla leigetakaren for å få utbetalt skuldig husleige frå depositumkontoen. Dersom utleigar kan dokumentera at det finst skuldig leige, må leigetakar reisa søksmål for å hindra utbetaling til utleigar.

Samstundes gjev ei ny forskrift studentsamskipnadene høve til å oppretta felles depositumkontoar.

Det vert innført éi særføresegn om utleige av bustad til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Føresegna gjev framleis kommunane høve til å inngå tidsavgrensa leigeavtalar som varer kortare enn tre år ved utleige til nokre grupper av vanskelegestilte, men denne muligheita vert no innskrenka.

- Denne innstramminga skal sikra dei vanskeligstilte om lag dei same rettane som andre leigetakarar, seier Kleppa.

Lovendringane og den nye forskrifta er ei oppfølging av Soria Moria-erklæringa, der regjeringa lova å gå gjennom husleigelova for å sikra at dei bustadpolitiske målsetnadene blir oppfylte.

Meir informasjon om endringane finn du på regjeringen.no.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.