Historisk arkiv

Ny bustønad frå 1. juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Bustønaden vert no utvida til 50 000 nye husstandar og styrkt med éin milliard kroner. - Eg er særs glad for at vi kan hjelpa fleire til å få seg ein eigen bustad, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Bustønaden vert no utvida til 50 000 nye husstandar og styrkt med éin milliard kroner. - Eg er særs glad for at vi kan hjelpa fleire til å få seg ein eigen bustad, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

100 000 husstandar har til no vore inne i bustønadsordninga.

Frå 1. juli vert bustønaden utvida slik at alle med høge buutgifter og låge inntekter kan få bustønad. Unnataket er studentar og militære, som har eigne ordningar. Krav om eige soverom og kjøkken fell bort, slik at dei som bur på eitt rom og kan få bustønad. Inntektsgrensene vert heva, særleg for barnefamiliar. Krav om husbankfinansiering fell bort.

Første frist for å søkja bustønad etter dei nye reglane er 14. juli. Sidan er søknadsfristen den 14. i kvar månad. Noverande mottakarar treng ikkje søkja på nytt. Det er kommunane som handsamar søknadene og Husbanken som forvaltar ordninga. Husbanken har lært opp nær 1 000 sakshandsamarar over heile landet i dei nye reglane. Dei er no klare til å ta imot dei nye søkjarane.

- Å utvida bustønaden til 50 000 nye husstandar er eit viktig grep i kampen mot fattigdom. Eg vil oppmoda alle som slit med buutgiftene, eller som treng hjelp til å få seg ein eigen heim, til å kontakta bustadkommunen for å sjå om dei kan få bustønad, seier Kleppa.

For meir informasjon:

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.