Historisk arkiv

Energieffektive passivhus kan bli standard raskare

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ein rapport Mulitconsult/Sintef Byggforsk frå syner at energieffektive passivhus kan bli standard for nye bygg allereie om tre til fem år. -Det er eit interessant innspel i arbeidet vi no gjer for å få meir energieffektive bygg. Eg har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 2040, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ein rapport Mulitconsult/Sintef Byggforsk frå syner at energieffektive passivhus kan bli standard for nye bygg allereie om tre til fem år. -Det er eit interessant innspel i arbeidet vi no gjer for å få meir energieffektive bygg. Eg har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 2040, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa har sagt at alle nye bygg skal ha så kalla passivhusstandard innan 2020. Rapporten frå Mulitconsult/Sintef Byggforsk syner at under visse føresetnader kan alle nye bygg vere passivhus allereie i 2013-2015.  Passivhus brukar om lag 75 prosent mindre energi til oppvarming enn tradisjonelle bustader.

- Meir energieffektive bygg er ein sentral tilråding i ”Klimakur” og ein føresetnad for å betre klimaet og miljøet. Jo tidlegare vi kan innføre passivhus som standard, dess betre er det, påpeikar Navarsete.

Rapporten peikar også på at det kan vere ein fordel om forskriftene stiller krav om passivhusstandard utan å gå vegen om ein opptrappingsplan, slik ein tidlegare har tenkt. Heile 3000 passivhus er for tida under planlegging og vurdering. Navarsete meiner det kan vere eit teikn på at ein kan ta neste steg raskare enn ein trudde for berre eit år sidan.

- Vi har lenge oppmoda byggjenæringa til å førebu seg på stadig strengare energikrav. Difor har eg tru på at alle vil gjere ein innsats for å skape gode og energieffektive bygg for framtida. Arbeidsgruppa eg sette ned før jul i fjor vil sjå på korleis vi best kan få til meir energieffektive bygg i praksis seier statsråden, og eg ser fram til å få deira tilråding.

Arbeidsgruppa sitt mandat er å sjå på kva mål ein kan setje for energieffektiviseringa, og vurdere tiltak og verkemiddel både for nye og eksisterande bygg. Gruppa skal levere si innstilling innan 1. juli 2010.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.