Historisk arkiv

Husleigetvistutvalet i Bergen opna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg vonar at utleigarar og leigetakarar i Bergen får glede av Husleigetvistutvalet. Det er eit godt verkty viss ein ikkje blir samde om til dømes husleige, oppseiing av kontraktar og frigjeving av depositum. Det er eit godt, raskt og billeg alternativ til rettssak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg vonar at utleigarar og leigetakarar i Bergen får glede av Husleigetvistutvalet. Det er eit godt verkty viss ein ikkje blir samde om til dømes husleige, oppseiing av kontraktar og frigjeving av depositum. Det er eit godt, raskt og billeg alternativ til rettssak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden sto for den offisielle opninga av Husleigetvistutvalet i Bergen 20. mai. Regjeringa følgjer med det opp lovnaden i Soria Moria II om å skipe husleigetvistutval i fleire byar, og planlegg også eit husleigetvistutval i Trondheim frå hausten av.

- Vi har svært god erfaring frå Oslo og Akershus, som har hatt husleigetvistutval sidan 2001. Eg vonar at Husleigetvistutvalet i Bergen skal bli like vellukka. Husleigetvistar er oftast saker med låg økonomisk verdi, men som samstundes betyr mykje for dei det gjeld. Difor er det viktig at tvistar av denne typen kan avgjerast raskt, framfor at partane må inn i kostbare og tidkrevjande rettssaker”, seier Navarsete. ”

Utvalet kan mekle og avgjere alle typar tvistar som gjeld leige av bustad i Bergen kommune. Det gjeld til dømes oppseiing, spørsmål knytt til husleigas storleik, vanlege gjeldssaker, tvistar ved opphøyr av leigetilhøvet og frigjeving av depositum. Utvalet tilbyr kort sakshandsamingstid og låge kostnader, og har spesialkompetanse innanfor husleigerett og konfliktmekling.

Både utleigarar og leigarar kan bringe saker inn for utvalet, anten skriftleg eller munnleg.  Den som bringer saka inn, må betale eit gebyr på 860 kroner. Viss mekling ikkje fører fram, vil saka bli avgjort av utvalet.

Utvalet i Bergen trer i kraft frå 1. juni. Saker som høyrer inn under Husleigetvistutvalet skal ikkje lenger handsamast av forliksrådet.

Christian Heimdal er tilsett som leiar av Husleigetvistutvalet i Bergen. 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.