Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2010

Nytt husleigetilskot til leigarar av regulerte bustader i Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Husleigereguleringa av førkrigsbustader vart avvikla ved nyttår. I revidert nasjonalbudsjett gjer Regjeringa framlegg om eit nytt husleigetilskot for bebuarar som ikkje maktar å betale gjengs husleige i slike bustader i Trondheim. Tilskotet skal vere behovsprøvd.

Husleigereguleringa av førkrigsbustader vart avvikla ved nyttår. I revidert nasjonalbudsjett gjer Regjeringa framlegg om eit nytt husleigetilskot for bebuarar som ikkje maktar å betale gjengs husleige i slike bustader i Trondheim. Tilskotet skal vere behovsprøvd.

– Det er ikkje ynskjeleg at eldre personar med svak økonomi skal tvingast til å flytte når husleigene aukar. Difor har vi laga ei ordning som gjer det muleg for dei fleste å bli buande, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Trondheim kommune og staten spleisar på tilskotet med 50 prosent kvar. I 2010 er tilskotsbehovet i Trondheim rekna til ein halv million kroner. Staten har allereie etablert ei tilsvarande ordning saman med Oslo kommune.

Tilskotsordninga gjeld for leigetakarar som har fylt 67 år før 1. januar 2010 eller har budd i den regulerte bustaden sidan før 1. januar 1990.

Etter at tilskotet er betalt, skal ordninga sikre at einslege har igjen 7000 kroner. Eit par skal sitje igjen med 11.000 kroner. For familiar med tre eller fleire medlemmer, vert det gjeve ytterlegare 2500 kroner ekstra per person. Det vert også gjeve kompensasjon til oppvarming på 500 kroner per månad. Det vert ikkje gjeve tilskot til den delen av leiga som er større enn 11.000 kroner per månad. Formuegrensa er sett til  250.000 kroner.

Det er Trondheim kommune som skal forvalte ordninga.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen