Historisk arkiv

390 000 i Bulystmidlar til Eidfjord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Eidfjord, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Eidfjord, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Prosjektet ”LivOGlyst Eidfjord – me gjer oss heite og attraktive” får 390 000 kroner. Prosjektet består av tre ulike delprosjekt. Det eine er ”Sjøbua – ein duft av Eidfjord”. Det andre delprosjektet er ”Hereid – kulturlandskap med historisk sus”. Det tredje delprosjektet er ”Omdømmebygging”. Eidfjord kommune har satt i gang ein omfattande satsing på omdømmebygging.

- Dette er ei breitt samansett satsing og eg ser fram til å følgje resultata i prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.