Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Flytt til LivOGlyst - Møkster, Huglo, Fjellberg og Espevær - får 1 590 000 kroner frå bulystsatsinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst.- Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret vil ha ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet.

Flytt til LivOGlyst – Møkster, Huglo, Fjellberg og Espevær får 1 590 000 kr.

Dette er eit regionalt Livoglyst- prosjekt basert på samarbeid mellom øysamfunna og Livoglyst- prosjekta Fjellberg i Kvinnherad, Huglo på Stord, Espevær på Bømlo og Møkster i Austevoll.  Ei overordna målsetting er auka tilflytting, integrering og busetjing. Å få på plass utleigebustader står sentralt i prosjekta. 

- Dette er eit prosjekt eg likar godt, og som grip fatt i kjernen ved det mange småsamfunn slit med, nemlig tenlege og attraktive leigebustader.
Felles for alle dei fire øysamfunna i dette prosjektet er at dei kjempar for å halde folketalet oppe og helst få nye innbyggjarar til sine småsamfunn, men manglar ledige bustader, seier statsråden.

Prosjektet vil og jobbe aktivt for å få nye innbyggjarar til øysamfunna og freiste å bidra til at dei kan få relevant arbeid i området.

- Dette prosjektet kan vere til stor inspirasjon for andre småsamfunn i heile Noreg og eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til i dette viktige prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

 

Til toppen