Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

35 millionar til Inkubasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa satsar meir på nyskaping og entreprenørskap. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) aukar ramma til SIVA (Selskapet for industrivekst SF) sine inkubatorprogram med 5,7 millionar til 35 millionar kroner i 2013.

Inkubatorane er ei fødestove for nye bedrifter. Her kan gründerane få hjelp til å utvikle ideen fram til eit ferdig produkt eller teneste. Frå 2002 har SIVA utvikla ulike inkubatorprogram retta inn mot gründerar frå ulike typar miljø. I 2012 vart desse satsingane slått saman til eitt felles program kalla Inkubasjon.

- Me ønskjer å styrkje inkubatorsatsinga fordi evalueringar har synt at gründerar som får kompetent bistand i etableringsprosessen ofte er avgjerande for om etableringane blir vellukka, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Inkubasjon er eit samarbeidsprogram mellom tre departement der også Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet er med i finansieringa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.