Forsida

Historisk arkiv

1,3 milliardar kroner meir til Rogaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsbudsjettet 2013

Fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.

Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.

I revidert nasjonalbudsjett 2012 blei skatteinntektene til kommunesektoren i 2012 oppjustert med 2,3 milliardar kroner. Meirskatteveksten er anslått til 1 870 millionar kroner for kommunane og 430 millionar kroner for fylkeskommunane. Dette er varige inntekter som blir vidareført i 2013. Tabellen syner anslag på fordelinga av desse inntektene. Skatteanslaget for 2012 er ytterlegare oppjustert med 2,6 milliardar kroner no i statsbudsjettet. Desse pengane blir ikkje vidareført neste år og synes ikkje i tabellen.

Sjå også forklaringar under tabellen.

 

Kommune

Fordeling av meirskatte-vekst 2012

Anslag på frie inntekter 2013

Anslag på vekst RNB 2012-2013

Vekst frå RNB 2012-2013

 

(mill. kr)

(1 000 kr)

(1 000 kr)

(prosent)

  

1

2

3

4

 

 

     

1101 Eigersund

5,3

669 799

40 984

6,5

1102 Sandnes

26,4

3 132 979

182 690

6,2

1103 Stavanger

55,6

6 166 007

313 871

5,4

1106 Haugesund

12,9

1 627 462

81 975

5,3

1111 Sokndal

1,2

172 851

10 822

6,7

1112 Lund

1,1

170 221

5 988

3,6

1114 Bjerkreim

1,0

147 916

9 587

6,9

1119 Hå

6,1

779 039

48 900

6,7

1120 Klepp

6,6

810 688

33 954

4,4

1121 Time

6,3

768 144

42 737

5,9

1122 Gjesdal

3,9

496 931

27 078

5,8

1124 Sola

10,1

1 172 846

63 713

5,7

1127 Randaberg

4,1

499 721

27 560

5,8

1129 Forsand

0,4

84 644

4 925

6,2

1130 Strand

4,2

545 251

22 310

4,3

1133 Hjelmeland

1,0

161 451

5 916

3,8

1134 Suldal

1,4

229 811

6 489

2,9

1135 Sauda

1,7

255 139

11 043

4,5

1141 Finnøy

1,1

172 315

5 343

3,2

1142 Rennesøy

1,7

238 466

17 116

7,7

1144 Kvitsøy

0,2

40 777

2 107

5,4

1145 Bokn

0,3

56 420

1 061

1,9

1146 Tysvær

3,7

501 696

19 018

3,9

1149 Karmøy

14,4

1 836 083

110 816

6,4

1151 Utsira

0,1

27 740

1 403

5,3

1160 Vindafjord

3,2

451 655

19 843

4,6

Fordelast gjennom året

 

12 724

   

Rogaland

173,7

21 228 776

1 116 749

5,6

 

 

     

Rogaland fylkeskommune

34,6

4 379 228

166 758

4,0

         

Totalt for Rogaland

208,3

25 608 004

1 283 507

 

 

Tabellforklaring

Fyrste kolonne:
Syner anslag på meirskattevekst i RNB målt i millionar kroner i 2012. Anslaga på fordelinga av meirskatteveksten i 2012 er usikre, og tek utgangspunkt i fordelinga av skatt i 2011, framskrive med innbyggjartalet i 2012. I skatteanslaget er anslag på skatteutjamning inkludert.

Andre kolonne:
Syner anslag på kor mykje kvar kommune får i frie inntekter i 2013, målt i 1000 kroner.

Tredje kolonne:
Syner anslag på kor mykje meir pengar kvar kommune får rekna frå RNB 2012 til nasjonalbudsjettet 2013. Veksten er korrigert for endringar i kommunanes oppgåver.

Fjerde kolonne:
Syner veksten målt i prosent. Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal også dekkje pris- og lønsauke frå 2012 til 2013. Denne er rekna til 3,30 prosent.