Historisk arkiv

Mykje å tene på bustadsosial samhandling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunar som utvekslar kompetanse og erfaringar blir betre på å løyse bustadsosiale utfordringar.

Det kjem fram i rapporten Samhandling som veien til bedre boligsosialt
arbeid
. Rapporten er laga av Rambøll på oppdrag frå Husbanken. Samhandling om bustadsosiale oppgåver gjev både økonomisk  gevinst og meir effektivt arbeid.  

- Mange kommunar samarbeider godt på tvers av grenser og sektorar. Fleire bør vurdere om slikt samarbeid kan gje gode resultat i deira område. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunar, frivillige organisasjonar og Husbanken medverkar til stor aktivitet i det bustadsosiale arbeidet. Forskarane frå Rambøll meiner det er viktig at alle aktørane har ei felles plattform for arbeidet. Felles mål og klar kommunikasjon er viktig for eit vellukka resultat. Det same er openheit og fleksibilitet.

 

Kommunaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00