Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

Nye millionar til næringshagane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa aukar støtta til næringshagane også i 2013. Etter ei stegvis dobling av ramma til næringshagane frå 2010 til 2012, gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga med tre millionar kroner også i 2013-budsjettet. Framlegg til løyving for 2013 er 43 millionar kroner.

Regjeringa aukar støtta til næringshagane også i 2013. Etter ei stegvis dobling av ramma til næringshagane frå 2010 til 2012, gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga med tre millionar kroner også i 2013-budsjettet. Framlegg til løyving for 2013 er 43 millionar kroner.

- Næringshagane spelar ei viktig rolle for å få fram nye, framtidsretta verksemder i distrikta. Eg har tru på at samlokalising av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere kreativitet og pågangsmot, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Næringshagane har òg ei viktig rolle for etablerte bedrifter fordi dei i mange område verkar som knutepunkt og nettverksbyggjar mot forskings- og andre kompetansemiljø, som elles kan synast langt unna for små distriktsbedrifter.

- Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene, men vi har også sett mange eksempel  på at det ut av slike miljø veks nye idear og nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Dei første næringshagane vart starta opp av SIVA i 1998-99. Etter fleire programperiodar og evalueringar vart ein ny 10-årig programperiode starta opp 1. juli 2011. Frå 1. januar 2012 er 44 miljø teke opp for deltaking i programma, eller til vidare utgreiing for eventuelt opptak. Auken i løyvinga gjer det mogleg å ta opp i programmet fleire av dei miljøa som var kvalifiserte, men som vart avviste på grunn av tronge rammer i første omgang.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.