Historisk arkiv

Statsråd Liv Signe Navarsete får gode råd frå gründerar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsråd Liv Signe Navarsete fekk tysdag overrekt ein rapport med råd om korleis ein kan stimulera til meir gründerverksemd.

Statsråd Liv Signe Navarsete fekk tysdag overrekt ein rapport med råd om korleis ein kan stimulera til meir gründerverksemd.

- Desse innspela er konstruktive. Eg er svært oppteken av å leggje tilhøva til rette for å stimulere folk til å etablere eiga verksemd. Dette er viktig både for den nasjonale verdiskapinga, og særleg for å skape fleire bedrifter i Distrikts-Noreg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Hausten 2011 tok statsråd Navarsete initiativ til å sette ned ei gruppe unge gründerar – Gründerrådet. Rådet, som har hatt ti medlemmar, skulle kome med gode råd til korleis kvardagen kunne bli betre for folk som ønskjer eller nyleg har etablert eiga verksemd.

Gründerrådet har no lagt fram sin rapport. Den gjev statsråden seks råd. Desse er: 

  • Gi gründerar same velferdsrettar som lønsmottakarar
  • Etablere eit system som gir gründaren raskare avklaringar frå verkemiddelapparatet
  • Bytt geografiske grenser med kunnskapsgrenser
  • Gjer det attraktivt å investere i gründerbedrifter og legg til rette for etablering av pollenkapitalfond (presåkorn)
  • Bygg sunn gründerkultur
  • Lag attraktive gründergulrøter

- Eg vil no vurdere nærmare kva som ligg i dei seks råda. Dei vil vere gode innspel til den komande distrikts- og regionalpolitiske stortingsmeldinga, som regjeringa skal leggje fram ved årsskiftet, seier Navarsete. 

Les meir om Gründerrådet

● Gründerrådrapporten

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00