Historisk arkiv

Innleiing til landsstyremøte i KS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei halde på KS sitt landsstyremøte 30.10.2009.

Gode forsamling!

Eg sett stor pris på at eg får høve til å treffe de som er tillitsvalte i kommune-Noreg så raskt etter at eg tok over som kommunal- og regionalminister.

Utan dialog og god kontakt med den kommunale kvardagen og de som verker der, kan eg ikkje løyse mine oppgåver i departement og regjering.

Vi har lagt bak oss nokre hektiske månader, med valkamp og tingingar om ny regjeringsplattform. Vi har fått på plass eit nytt regjeringskollegium.

Innimellom alt dette har vi også lagt fram eit forslag til statsbudsjett for neste år.

No er utfordringa å vidareutvikle ein god politikk overfor kommunane og fylkeskommunane og få på plass rammer som sikrar det vi i Soria Moria 2 kallar ein robust og berekraftig kommuneøkonomi. Eg ser allereie no fleire viktige område. La meg få nemne nokre.

- Korleis kan kommunane utvikla rolla som samfunnsutviklar

- Korleis handterar kommunane sitt ansvar som arbeidsgjevar. To stikkord her: heiltid/deltid og arbeidet med å få ned sjukefråveret.

- Korleis forvaltar kommunane sin del av fellesskapet sine midlar, og korleis prioriterar dei innanfor desse rammene.

Statsbudsjettet
La meg starta med økonomien. Etter mi vurdering gjer kommuneopplegget for neste år det framleis mogleg å utvikle velferda.

Åtte milliardar kroner i vekst vil utgjere ein skilnad.

Veksten vil gi kommunane rom til å fylgje opp den einskilde eleven, sikre ei meir verdig omsorg og sjå dei barna som treng hjelp frå barnevernet. Ein milliard kroner av veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane er grunngjeve med auka ansvar for samferdsle gjennom forvaltingsreforma.

Samstundes skal de vite at eg veit at situasjonen er ulik i kommunane, sjølv om sektoren i stort har fått eit monaleg løft dei siste åra.

Frå og med 2006 til og med 2010 er realveksten 40,9 milliardar kroner. Dette er veksten etter at vi har tatt omsyn til faktiske kostnader i 06,07, 08 og anslaget for 09 og 2010.

Eg meiner kommunane har brukt desse pengane på ein god måte.

Resultatet er 30-35 000 nye årsverk. Det kan til dømes nemnast at det har vorte 12 500 nye årsverk i pleie- og omsorgssektoren i perioden 2004-2008.

Mykje er altså bra, men mange kommunar slit likevel med underskot og ubalanse i økonomien. Ikkje alle nyt godt av auka skattevekst. Nokre har og tapt på finansielle investeringar. Dette er i hovudsak ikkje realiserte tap. Heldigvis ser situasjonen no lysare ut.

Ein konsekvens av at verda ser lysare ut, er at renta går opp. Det må kommunane ta omsyn til i budsjetta sine for 2010.

I 2009 har det vore rom for konsolidering.

Vi kom kommunane i møte med ei krisepakke, som og inneheldt frie midlar, og auka tilskot i revidert budsjett i mai. I tiltakspakka blei skatteanslaget justert ned med 1,2 milliardar kroner. Dette blei det kompensert for gjennom auka rammeoverføringar. I tillegg ble det lagt inn ei styrking på 1,2 milliardar kroner.

Ikkje alle føler at dei blir like godt teken i vare av kriteria i inntektssystemet og retningslinene for tildeling av skjønnsmidlar.

Det er viktig at vi heila tida vurderar korleis desse midlane vert tildelt. Kriteria er eit gjennomsnitt og vil aldri heilt passa den einskilde kommune.

Vi skal leggje fram forslag til nye kostnadsnøklar i kommuneproposisjonen for 2011. Det er svært viktig med god dialog med KS når vi skal arbeide med dette.

Soria Moria 2
Eg meiner altså budsjettframlegget for 2010 er eit skritt i riktig retning mot ein robust og berekraftig kommuneøkonomi, sjølv om ikkje alle her i salen vil vere like nøgde når tala er brote ned på den enkelte kommune eller fylkeskommune.

Det som ser bra ut i stort, kan vere annleis i smått.

Eg veit at det ikkje hjelper kommunar med låg vekst i inntekter, og som til dagleg kjempar for arbeidsplassar, kommunale tenester og eit levedyktig lokalsamfunn, at kommunane samla har 333 milliardar kroner i inntekter.
 
Samstundes. 333 milliardar kroner er mykje pengar. Dei må og skal forvaltast til beste for innbyggjarane, slik at vi får gode tenester.

Som det også står i Soria Moria 2: ”De samlede ressursene skal brukes slik at tjenestene kan styrkes, kvaliteten forbedres og vedlikeholdet ivaretas.”

Her ligg det ei klår utfordring. Ho går til oss som skal trekke opp linene for velferda framover, utforma rammene for økonomien og gjere løyvingar over statsbudsjett.

Men ho går også til de som forvaltar midlane og den lokale velferda.

Eg skal kjempe for ein god økonomi framover. Det vert tøft fordi vi har lagt bak oss ein periode med stor vekst og ein ekstra innsats over budsjetta knytt til finanskrisa og tiltakspakka.
No er oppgåva å stabilisera den offentlege pengebruken.

Dykkar utfordring blir å finne rom for betre tenester og lokal utvikling i ein slik situasjon. De må altså prioritera innanfor dei rammene de har.

Eg seier ikkje at det ikkje blir tøft. Sjølv om 333 milliardar kroner er mykje pengar er oppgåvene mange og forventningane enda større.
I eit samfunn der vi får det stadig betre privatøkonomisk, møter vi forventningar om at det offentlege teneste skal bli betre.

Det gjer det enda meir naudsynt å sjå om det er mogleg å disponere nokre av dei 333 milliardar kronene på ein annan måte.

Kommunane som arbeidsgjevar
Det leier meg over på mitt neste punkt. Kommunen som arbeidsgjevar.

Dette er også eit tema fleire stader i Soria Moria 2.

Regjeringa skal styrke innsatsen mot ufrivillig deltid og for retten til heiltid, vurdere om det er naudsynt med lovendringar for å få dette til.

Vi vil ha ein gjennomgang av arbeidet med fornying og effektivisering i offentleg sektor. Vi vil også sjå på korleis innspel frå tilsette og innbyggjarar kan bidra i slike prosessar.

To av 10 sysselsette arbeidar i dag i kommunane.

Vi vil arbeide vidare for å få ned sjukefråveret

Viss den einskilde kommune, det vil seie den einskilde kommunale leiar i samarbeid med sine medarbeidarar, finn fram til korleis sjukefråveret kan verte lågare, ja, då gjer dei ein monaleg innsats for å nytta ressursane betre.

Kvalitetskommuneprogrammet som er eit samarbeid mellom staten, kommunesektoren ved KS og arbeidstakarorganisasjonane er nå inne i avslutningsfasen.

Vi vurderer for tida korleis vi skal vidareføre dette arbeidet. Programmet  kan vise til mange gode døme på korleis ein kan arbeide for å redusere sjukefråveret.

Ein post på ein sjukeheim på Askøy har eit sjukefråvere på under tre prosent og melder om meir tilfredse medarbeidarar og brukarar.

I Hurum kommune har dei satt i gang arbeid med å få fram ein modell som gjer det mogleg å tilby heiltidsstilling til fast tilsette med fagutdanning eller den stillingsbrøken dei ønskjer.

Andre stader har valfri turnus gitt gode resultat.


Tidlegare har det vore anslått at kommunane sparer heile 1,5 milliardar kroner viss dei reduserer sjukefråveret med eit prosentpoeng.
Kommunale leiarar, og de som er arbeidsgjevarar for desse, må sørgje for at desse spørsmåla vert ein naturleg del av det daglege leiarskapet.

Eg ser fram til gode innspel frå KS i det vidare arbeidet med kvalitetsarbeidet.

Kommunen som samfunnsutviklar
Tidlegare denne veka var det eit innslag på TV2-nyheitene frå Dyrøy kommune i Troms. Tema var korleis mindre kommunar kan leggje til rette for ulike kompetansearbeidsplassar som elles fort kan hamne i større byar, om ikkje kommunane i distrikta tek eit aktivt grep.

Dyrøy er ein kommune som gjennom fleire år har hatt eit aktivt utviklings- og læringsmiljø. Kommunen har fleire gonger vore kåra til Troms sin beste gründerkommune. Det er imponerande for ein kommune med vel 1000 innbyggjarar. Kommunal og regionaldepartementet har gjennom fleire år hatt ein god dialog med Dyrøy kommune om lokalt utvilingsarbeid.  Prosjektet  knytt til staduavhengige arbeidsplassar er støtta gjennom departementet si  nasjonale småsamfunnsatsing i 2009.

Slikt vil vi ha meir av. Det er slik vi byggjer samfunnet nedanfrå. Kommunane har, ved sida av å vere tenesteprodusentar, ein viktig jobb med å arbeide for næringsutvikling.

Soria Moria 2 slår fast at det er viktig at kompetansearbeidsplassar vert spreidd i heile landet. Med breiare breiband blir det enklare for private verksemder å arbeide på nasjonale og internasjonale marknader. 

Lokalisering av statlege arbeidsplassar er og eit sentralt middel. Derfor skal nye statlege verksemder lokaliserast utanfor Oslo. Som samferdsleminister starta eg på denne jobben. 100 arbeidsplassar i Jernbaneverket og Statens Vegvesen skal etablerast utanfor Oslo.  

Vi førebur no ei eiga satsing på lokal samfunnsutvikling. I mange kommunar er det ei utfordring å ha tilstrekkelig kapasitet og kompetanse til å drive målretta utviklingsarbeid. Den komande satsinga skal utviklast i nært samarbeid med kommunane og fylkeskommunane.
Vi meinar at fylkeskommunane her har ein sentral oppgåve som rådgjevar, koordinator og samarbeidspartnar. Hjå fylkeskommunane finns erfaringar som kommunane kan byggje på. Satsinga skal vere med å bygge opp fylkeskommunane som regionale utvilingsaktørar.
Departementet inviterer no fylkeskommunar og kommunar til å utvikla satsinga i fellesskap.

Vi satsar meir på kommunale næringsfond, hjelp til entreprenørar, ikkje minst unge og kvinner.

Vi satsar på ei ordning som skal gi fleire og større vekstbedrifter i distrikta.

La oss heller ikkje gløyme forvaltningsreforma. Ho inneber at fylkeskommunane vert tilførde vel 7,6 mrd kr i samband med dei nye oppgåvene. I tillegg kjem ulike øyremerkte tilskott.

Mi von er difor at også at forvaltningsreforma og styrkinga av fylkeskommunen skal hjelpe på denne innsatsen.
 
Fylkeskommunen si utfordring blir å vere ein god regional utviklar. Dei har no fått fleire verkemiddel, mellom anna som deleigar i Innovasjon Norge og gjennom dei regionale forskingsfonda.

Samordning og samhandlingsreforma
Som kommunal- og regionalminister styrer eg over det som gjerne vert kalla eit samordningsdepartement. Mi oppgåve blir difor å sørgje for at kommunane sin tarv blir teken i vare i regjeringa og overfor fagstatsrådane.

Såleis er det eg som, litt spøkefullt sagt, er den verkelege samordningsministeren i regjeringa. Iallfall når det gjeld saker som vedkjem kommunesektoren – og det er ikkje få.

Eit område der samordning blir særs avgjerande er i arbeidet med samhandlingsreforma.

Det er ei reform som vil omkalfatre mykje i velferds-Noreg.

Reforma skal sikre fleire, betre og tidligare helsetenester der folk bur. Altså desentralisering og førebygging.

Makt, midlar og oppgåver skal flyttast til kommunane. Det vil stille store krav til organisering og samhandling.

Tilsette på alle nivå i helsetenesta må samarbeide til beste for pasient og innbyggjar. Spesialisthelsetenesta må samarbeide betre med kommunehelsetenesta.

Vi er berre i byrjinga av dette arbeidet. No skal vi fylle reforma med innhald og finne praktiske løysingar.

Då er vi avhengig av eit godt samarbeide med KS og kommunane. Ikkje minst gjeld det ordskiftet om godt kommunesamarbeid.

Mitt utgangspunkt er at kommunane har lang erfaring med samarbeid. Dei vil sjølve vere opptatt av dei beste løysingane. 

Her skal vere rom for lokale tilpassingar. Kommunane kjenner eigen kommune og eigne innbyggjarar best. Inntil det motsette er særs godt prova, trur eg det er mykje sunt vit lokalt.

Det er fleire aktuelle modeller for samarbeid.
 
- Vertskommunesamarbeid. Vil vere ein god idé for nokre kommunar. Ein kommune tek på seg ansvar for ei oppgåve på vegne av fleire.

- Samkommunemodellen skal vi no utforme for å handtere ei rekkje oppgåver på tvers av sektorar.

Samkommunen kan vere særleg aktuell for kommunar som ønskjer å samarbeide på fleire område, og sjå desse i samanheng på tvers av kommunegrensene.

Eg trur samkommunen vil gi betre folkevalt styring enn dagens fragmenterte samarbeidsmønster.

Vi førebur utreding og mogleg lovfesting av ein slik modell. Eg ser fram til å diskutere kommunesamanslåing.


Avslutning:
Når eg no har teke over som kommunal- og regionalminister, er det ei stadfesting av at Senterpartiet ser utviklinga i kommunar, distrikt og regionar som avgjerande for nå måla i Soria Moria 2.

Den nye regjeringsplattforma inneheld ambisjonar for ulike sektorar. Desse ambisjonane har det til felles at kommunar og fylkeskommunar må spela på lag og ta sin del av ansvaret for at dei skal bli vellukka.

Difor vil eg kjempa for ein god kommuneøkonomi, når vi no går inn i ei tid med krevjande økonomiske vegval.

Difor vil eg leggje vekt på ein politikk som gjer distrikt og regionar betre budd på skape arbeidsplassar og gode levekår.

Difor vil eg halde fram med å stimulera til nytenking og utvikling.

Når Noreg er verdas beste land å bu, må det jo vere fordi norske kommunar er dei beste i verda!