Historisk arkiv

Sviktar ikkje dei bustadlause

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Bergens Tidende 10.06.2009.

Bergens Tidende skriv på leiarplass at regjeringa har svikta dei bustadlause. Eg kjenner meg ikkje att i ein slik karakteristikk. Sanninga er at regjeringa har fått på plass ei kraftig styrking av dei bustadsosiale verkemidla i 2009.

Kartlegginga av bustadlause som vart gjennomført i ei veke i november 2008, syner at det framleis er utfordringar i kampen mot bustadløyse. 6100 personar er registrerte som bustadlause. Det er 600 fleire enn i 2005. To prosent av desse var utan ordna opphaldsstad komande natt, dei som gjerne vert kalla uteliggarar.

Dei andre som er omfatta av omgrepet, er personar som er tilvist akutt eller mellombels overnatting, er under kriminalomsorga og vert lauslata innan to månader, er i institusjon og vert skrivne ut innan to månader eller bur mellombels hos venner eller familie

Eg er sjølvsagt ikkje nøgd med resultata. Dei er ei klar melding om at vi saman med kommunar og friviljuge må intensivera innsatsen. Det skal ikkje vera tvil om at det vert gjort.

Husbanken skal fortsetja å ha førebygging og avskaffing av bustadløyse som si prioriterte oppgåve. Alle treng ein heim å organisera liva sine ut frå.

Resultatet frå kartlegginga og andre erfaringar som Husbanken har gjort seg i kontakten sin med kommunane, vert no nytta i bruken av dei bustadsosiale verkemidla. Ikkje minst skal ressursar og kompetanse i Husbanken no rettast  mot dei kommunane som har størst trong for oppfølging og bistand.

Mange kommunar disponerer for få bustader og det er lange ventelistar mange stader. I arbeidet med bustadløyse er oppfølging i bustad helt avgjerande. I 2008 opna vi for 40 prosent bustadtilskot der kommunane har ein plan for oppfølging i bustad. I år har vi sett av midlar til 3000 nye kommunale utleigebustader for vanskelegstilte. Det er den største satsinga på utleigebustader nokon gong! Tilskota til etablering av fleire utleige-, student- og omsorgsbustader er monaleg styrka i stortingsperioden.

Vi har også fått på plass ei ny bustøtte. Om lag 50 000 fleire vanskelegstilte husstandar vil frå 1. juli koma inn i ordninga, ei ordning som frå før femnar 100 000 husstandar. Styrkinga vil vera til stor hjelp i arbeidet med å busetja bustadlause og andre vanskeligstilte.