Historisk arkiv

Ikkje på lag mot hovudstaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aftenposten 04.02.2010.

Eit ordskifte om maktfordeling i Noreg er ikkje noko utfall mot innbyggjarane i Oslo. Likevel er det slik stortingsrepresentant Håkon Haugli frå Oslo vel å tolke kommunal- og regionalministeren sitt utspel om at Oslo treng motmakt.

Hovudstaden har sine utfordringar, det veit vi som leier det departementet som har sett bustadsosialt arbeid på dagsorden og lagt fram ei storbymelding. Også innanfor Osloregionen er det makt som må utfordrast.

Samstundes er Oslo staden der Storting, regjering, styresmakt og sentrale media er samla. Ståstaden avgjer kva du ser og korleis du tenkjer. Difor har statsråden invitert til møte rundt om i landet, neste veke Gjøvik og Trondheim, for å høyre om regionale utfordringar og mulegheiter. Det er mykje spennande tenking og eit sterkt nærings- og kulturliv utanfor Oslo også. Men vi høyrer for lite om det i det nasjonale ordskiftet.

Vi treng dei markante stadene, store som små, for å drive fram gode regionale identitetar. Vi treng derimot ikkje dei som dyrkar offerrolla, anten dei kjem frå ein storby eller ein småstad.

Heile landet vil vere tent med at vi forvaltar naturressursane godt og gjer det mulig å bu og arbeide utanfor dei største byane. Det er ikkje å setje by opp mot land.