Historisk arkiv

Oslo treng motmakt frå nord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Nordlys og Avisa Nordland 18.01.2010.

Korleis skal me skape regional balanse i arbeidsplassar og makttilhøve? For å finne ut det, inviterer eg til motmaktmøte i dag.

For eit par veker sidan deltok eg i eit interessant ordskifte på årskonferansen til NHO. Det var eit velsmurt og profesjonelt arrangement, kjent for å fange tema i tida. I år gjekk praten om smartare vekst, smartare velferd og korleis vi skal reformere offentleg sektor.

Uro for offentleg sektor
Det kom viktige innspel, ikkje minst frå konserndirektør Dag J. Opedal i Orkla om leiing. Men eg fekk også ei kjensle av ei underliggande uro, som skuldast manglande tru på at offentleg sektor er i stand til å omstille seg.

Dagen etter drog eg nordover, til den årlege kontaktkonferansen som fylkesmannen i Nord-Trøndelag står bak. Arrangementet var meir smålåtent enn det i operahuset. Men ordskiftet var sant å seie meir konkret. På rad og rekkje sto politikarar og offentleg tilsette fram og fortalde om kva grep dei ser for seg for å sikre ein god offentleg sektor. Stikkord var mellom anna samhandlingsreforma, regionalt samarbeid og kommunesamarbeid.

Attraktive Nordland
I dag er eg på vitjing enda lenger nord, i Bodø og på Nordlandskonferansen. Der er tema kva som skal til for å utvikle attraktive lokalsamfunn. Eg er viss på at me også der vil få gode døme på det daglege reformarbeidet som finn stad rundt om i Noreg.

Slike arrangement syner at det ikkje nødvendigvis er i dei store debattane i Oslo at det kjem nye tankar. Men dei nasjonale media har lite merksemd rundt det som skjer elles i landet.

Difor har eg sett i gang ein møteserie om makt og motmakt. Eit slikt møte finn stad når eg no er i Bodø. Ulike representantar frå heile den nordnorske landsdelen er invitert til å kome med innspel. 

Makta i sør
Bakgrunnen er enkel. Meir enn fire år som statsråd har gjort meg overtydd om at det er vel mykje makt samla i hovudstaden. Der finst også mange haldningar til resten av Noreg som me ikkje kan oversjå.

Som kommunal- og regionalminister står arbeid med levande lokalsamfunn, distrikt og regionar på arbeidslista mi kvar dag. Det er sjølve kjernen i mitt politiske virke.

Reell fridom til busetjing er regjeringa si overordna målsetting for distrikts- og regionalpolitikken. Det er ambisiøst, ja.

Jamvel er det nokon som freistar å gjere det til latter eller seie at det nytter ikkje å kjempe mot sentraliseringa. Då spør eg: Kva er alternativet? At vi ikkje skal kunne velje kvar vi vil busette oss?

Me treng regionar, små og store byar og tettstader som kan vere ein motvekt til maktkonsentrasjonen i Oslo og rundt Oslofjorden. Ein konsentrasjon som finn stad trass i at store delar av verdiskapinga skjer andre stader i landet. Det er eit paradoks som opptek meg sterkt.

I Soria Moria 2 har vi lagt opp til ein ambisiøs politikk for ein betre fordeling av kompetansearbeidsplassar i landet. Vi har og stramma inn krava til lokalisering av statlege arbeidsplassar. Dette er viktig for å få ein meir rettferdig geografisk fordeling av makt og kompetansearbeidsplassar i landet.

Eg trur også at det er sunt for demokratiet at makt blir møtt med motmakt og at me grip fatt i drivkreftene bak sentraliseringa. Då treng vi eit ordskifte. Ikkje fordi vi skal dyrke ein enkel motsetnad mellom sentrum og periferi. Men vi må vere medvetne kva som kan verke inn på utviklinga av samfunnet

Treng bymotorar

La meg likevel presisere. Vi treng til byar som Bodø og Tromsø som drivkrefter. Både for sitt eige omland og landsdelen og som motkrefter til det som skjer i sør.

Vi treng også dei markante stadene, store som små, for å drive fram gode regionale identitetar. Vi treng ikkje nordlendingar som er mot alt som kjem sørfrå eller ikler seg offerrolla. Vi treng nordlendingar som veit kva dei kan bidra med.

Arbeidet med Nordområdepolitikken har på sitt beste vore eit godt døme på slike bidrag og eit slikt nasjonalt samspel. Det er ikkje meir vanskeleg enn at skal vi ha eit levande land og vi skal forvalta naturressursane på ein god måte. Då treng vi kompetansearbeidsplassar, utdanningsinstitusjonar og god infrastruktur i alle regionar.

Ingen enkle svar
Det er likevel ikkje enkle svar å finne i eit slik ordskifte. Difor vil eg reise debatten om kva som fungerer i dag, og kva vi må leggje sterkare vekt på i regionalpolitikken og i dei politiske prioriteringane vi gjer på andre felt.

Målet mitt  med distriktspolitikken er ei meir balansert utvikling. Men ein betre balanse mellom regionane er avhengige av råd og god dialog med aktørar i nord. Møtet i dag er eit ledd i dette.