Historisk arkiv

Innlegg i Dagens Næringsliv 3.januar 2012

Kommunar har tradisjon for innovasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Lokalpolitikarar og kommunalt tilsette er innovasjonsarbeidarar. Deira innsats er naudsynt for nasjonal velferd og verdiskaping. Heldigvis har kommunane tradisjon for innovasjon, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i eit innlegg i Dagens Næringsliv.

Lokalpolitikarar og kommunalt tilsette er innovasjonsarbeidarar. Deira innsats er naudsynt for nasjonal velferd og verdiskaping. Heldigvis har kommunane tradisjon for innovasjon.

Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) har torsdag invitert til eit viktig ordskifte. Tema er mellom anna samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor og utvikling og omstilling i kommunesektoren.

I år er det 175 år sidan Noreg fekk formannskapslovene. Dei er grunnlaget for det lokale sjølvstyret. Jubileet gjer NHO-debatten interessant av to grunnar. Me har utvikla eit levande lokalt sjølvstyre og kommunane er ein naturleg partnar når me skal utvikle velferd og verdiskaping.

Samarbeid privat offentleg
Eg er samd med NHO i at offentlege og private må finne løysingar saman. Berre slik sikrar me velferd, verdiskaping og god forvaltning av landet.
Men det er feil å tru at privatisering av offentleg tenester vil gjere offentlege verksemder meir effektive.

Noreg har ein blandingsøkonomi. Private og offentlege må spele saman. Marknaden kan ikkje løyse velferdsutfordringane. Viktigare er samarbeidet med frivillige organisasjonar og private aktørar.

Det vil vere meir fruktbart for NHO å erkjenne at kommunesektoren allereie er innovativ, slik Østlandsforskning stadfesta i 2010.

Kommunar viser veg
Når eg reiser rundt i Kommune-Noreg, får eg stadig prov på innovasjon og utvikling. Songdalen i Vest-Agder er med i omstillingsprogrammet «Saman om ein betre kommune». Dei har redusert sjukefråveret frå 10,9 prosent i 2010 til 7,3 prosent fordi tilsette, leiarar og lokale folkevalde saman ser etter nye løysingar.

Dei tenkjer også utvikling på fleire område samtidig. Sjukefråvere blant reinhaldarane er redusert kraftig. Samstundes er halvparten av reinhaldarane på god veg til å skaffe seg fagbrev.
På Voss er dei i gang med eit prosjekt knytt til rehabilitering i kvardagen. Dei eldre brukarane blir meir sjølvhjelpne. Dei tilsette får meir interessant arbeid. Kommunen sparar utgifter til sjukeheimsplassar.

I Hordaland har kommunane Fjell, Sund og Øygarden funne saman i eit felles selskap. Det skal tilføre området kompetanse og drive næringsutvikling tilpassa dei høgteknologiske verksemdene i distriktet. I Nordfjord har Eid kommune eit eige selskap som utnytter energi frå fjorden til oppvarming av bygg.

Leiarskap, effektiv, open
Kommunal verksemd er i sin natur utviklingsorientert. Svartmaling av kommunesektoren er det ikkje grunn til. Likevel skal me leggje lista høgare.

Difor har eg i lang tid understreka at god leiing, effektiv drift og openheit må kjenneteikne ein moderne kommune.

Eit slikt krav er naturleg. Gjennom historia har kommunane vore pådrivarar for velferdsreformer som staten har overteke. Døme er alderstrygd og uføretrygd. Kommunane tok også initiativ til sparebankar, forsikringsselskap, elektrisitetsverk og samferdsleselskap.

Velferdsprodusent
Etter krigen har kommunen vore den viktigaste velferdsprodusenten.
Ikkje minst gjeld det eldreomsorga, som har vakse fram sidan 70-talet. Dei heimebaserte tenestene, som me i dag tek som sjølvsagt, blei utvikla av kommunane.

Her vil me sjå ytterligare innovasjon og nytenking. Eg var nyleg i Bergen der høgskulen, saman med Husbanken, har bygd eit husvære fullt av sensorar og teknologiske løysingar.

Eg er oppteken av at det einskilde mennesket skal bu heime så lenge råd er. Då må me kunne bruke teknologi, gjerne utvikla av kommune og private leverandørar i fellesskap. Som høgskulelektor Mari Berge sa under omvisninga: – Det er skilnad på å bli overvaka og vaka over.

Samhandlingsreforma i helsevesenet spring også ut av kommunesektoren.
Ei ny arbeidsdeling mellom sjukehusa og kommunane er basert på lokalmedisinske sentra, mellom anna i Valdres, Vestfold, Rogaland og Trøndelag. Dei driv effektiv førebygging og behandling.

Handlingsrom
Eg er optimistisk på vegner av kommunane. Men lokalpolitikarane må sjå heilskapen og vere innovasjonsleiarar. Rolla som lokal ombodsmann krev også upopulære avgjerder og styring. Administrasjonen skal ikkje og kan ikkje avgjere alt.

Me må også leggje betre til rette for utvikling og innovasjon. Dei som lar behovet for endring vike i den daglege drifta må skjerpe seg.

Den raudgrøne regjeringa har lagt til rette for forsvarlege økonomiske rammer. No gjeld det at kommunane får organisere seg utan for mykje statleg overstyring.

Det trengst skal kommunane framleis vere partnarar i arbeidet med å sikre nasjonal velstand og velferd.