Historisk arkiv

Saman om ein betre kommune - rapport frå startgropa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Stort sett alle prosjekta som inngår i Saman om ein betre kommune har no kome i gong. Det er mange gode prosjekt, og stor variasjon i tilnærming, innretning og målsetjing frå kommune til kommune.

- Det er mange spennande tiltak som blir interessante å følgje, seier fagdirektør for Saman om ein betre kommune, Ina Kathrine Ruud.

Mange av kommunane er framleis i startgropa, og Ruud understrekar at det er litt tidleg å peike på konkrete resultat. I kommunar som har arbeida med problemstillingane i lang tid er det likevel mogleg å sjå resultat av arbeidet allereie no.

- Eit døme er Mandal, som arbeidar med å få ned sjukefråveret med fokus på auka bruk av eigenmelding. Kommunen har gjennom ein prøveordning fått innvilga unntak frå Folketrygdloven om 365 dagars eigenmelding i eit prosjektet som i fyrste omgong skal vara ut året, fortel Ruud. 

Viktig med ein god prosjektplan

I første halvår har fagdirektøren vore oppteken av at deltakarkommunane får på plass solide prosjektplanar.

- Prosjektplanane er eit særs viktig verktøy for den enkelte kommune når det gjeld å styre prosjekta mot dei mål kommunane har satt seg. Temaet vil difor bli følgt opp både på prosjektleiarsamlingar og på neste nettverkssamling, seier ho.

Stor variasjon
Tilnærminga til de ulike tema varierer mellom de ulike prosjekta, det same gjer innretning og målsetjingar.

- Innanfor sjukefråvær ser vi gjerne ei oppdeling mellom kommunar som arbeidar på systemnivå med samhandling mellom kommune, NAV og fastlegar, og kommunar som fokuserer meir på nærver, arbeidsmiljø og liknande. Nokre av kommunane har fokus på begge deler, fortel Ruud.

Innanfor heiltid/deltid er det mange ulike ordningar som skal testast ut; mange skal prøve ulike vikarordningar, langvakter i helg og ulike former for ønsketurnus. Ifølge Ruud er nesten halvparten av kommunane innanfor dette temaet framleis i ein forprosjektfase kor dei bestemmer seg for kva dei skal prøve ut.

Av dei kommunane som har prosjekt som går på kompetanse og rekruttering er også fleire i ei forprosjektfase.

- Innretninga på desse prosjekta handlar om alt frå kompetanseutvikling til det å utvikle strategiske kompetanseplanar og gjere ei behovsvurdering av kva type kompetanse kommunen treng for å nå måla dei har sett seg, seier Ruud.

Blant dei fem kommunane som jobbar med omdømme set ein mellom anna fokus på betre kommunikasjon med innbyggjarar og ungdom, etisk kompetanseheving, omdømme i forbindelse med leiarutvikling og tverrfaglig samarbeid for utsette barn og unge.

Nytt opptak
I løpet av 2012 skal det takast opp rundt 50 nye kommunar i programmet. Desse skal etter planen byrje å arbeide med prosjekta sine frå 1. januar 2013. Saman om ein betre kommune har mål om å vere ein arena for arbeid med innovasjon og fornying i kommunesektoren, derfor tek ein i neste opptak sikte på å ytterligere framheve nytenking og innovasjon som kriterium for deltaking i programmet.

- Ein av føresetnadane til programmet er at kommunane skal drive utviklings- og fornyingsarbeid og finne gode, og kanskje også nye måtar å jobbe med gamle problemstillingar på. På bakgrunn av dette  ønskjer vi søknader frå kommunar som tenkjer nytt og tør prøve ut nye løysingar. Så har kommunen din eit nyskapande prosjekt, er det berre å søke, avsluttar programdirektør Ina Kathrine Ruud.