Historisk arkiv

Vil ha fleire med i "Saman om ein betre kommune"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I fjor fekk 56 kommunar bli med i utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”. No kan om lag 50 nye kommunar søkje om å vere med.

I fjor fekk 56 kommunar bli med i utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”. No kan om lag  50 nye kommunar søkje om å vere med.

Programmet støttar lokalt utviklingsarbeid knytt til sjukefråvere, kompetanse og rekruttering, heiltids/deltidsproblematikken og omdøme.

- Denne gongen ønskjer vi også å rette merksemd på innovasjon og fornying. Dette er viktig for berekraftige kommunale tenester i framtida. Det handlar til dømes om korleis ein organiserer tenestene, bruk av ny teknologi og samarbeid med pårørande, frivillig sektor og andre, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Programmet skal medverke til nasjonal fornying. Mellom anna skal ein systematisere ny kunnskap frå dei lokale tiltaka slik at andre norske kommunar kan hente inspirasjon og lærdom.  

- Me vil velje ut kommunar med sterk motivasjon og god forankring av prosjektet. Dei må vere opne for å løyse utfordringane med nytenking og alternative løysingar, seier Navarsete.

Deltakarkommunane får tilgong til ressursmiljø og eit fagleg fellesskap med andre kommunar. Det er også aktuelt med økonomisk støtte til prosjektarbeidet. 

Prosjektet må byggje på eit samarbeid mellom folkevalde, administrative leiarar og tillitsvalde/medarbeidarar i den enkelte kommune.

Fristen for å søkje er 30. september 2012. Det er mogleg for fleire kommunar å gå saman om prosjekt og fremje felles søknad. Søknaden skal fyllast ut etter ein oppsett mal som er tilgjengeleg på nettsidene til ”Saman om ein betre kommune”. Her ligg også oversikt over deltakarkommunar frå første pulje. Oppstart for pulje to er sett til første halvår 2013.

Invitasjonsbrevet (pdf)

Søknadsskjema

Om programmet

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon 22 24 25 00