Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

FM-avvikling i 2017 – Radiomediet blir digitalt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Statsråd Anniken Huitfeldt har i dag lagt fram stortingsmelding om digitalisering av radiomediet. I stortingsmeldinga blir det lagt opp til at radio kan bli eit heildigitalisert medium, og at FM-sendingane kan bli avvikla i 2017.

Statsråd Anniken Huitfeldt har i dag lagt fram stortingsmelding om digitalisering av radiomediet. I stortingsmeldinga blir det lagt opp til at radio kan bli eit heildigitalisert medium, og at FM-sendingane kan bli avvikla i 2017.

Lenkje til meldinga Kulturminister Anniken Huitfeldt presenterar stortingsmeldinga om digital radio. Foto: KUD/Frøland

- Radiobransjen ønskjer avvikling, og regjeringa tek no eit aktivt grep for å leggje til rette for ein overgang til digital radio, og for å ta vare på lyttarane sine interesser, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

- Men vi stiller fleire absolutte krav  til avvikling av FM-bandet. Mellom anna må heile befolkninga ha tilgang til eit digitalt radiotilbod før kringkastarane kan avvikle sine FM-sendingar, og alle NRKs kanalar må ha ei befolkningsdekning som tilsvarer dagens P1-dekning på FM. Vi vil også stille krav om at dei kommersielle kanalane skal ha minst 90 pst. befolkningsdekning digitalt.

- Vidare er det ikkje minst eit viktig krav at overgangen til digital radio gir lyttarane ein meirverdi i form av fleire kanalar, innhald, tenester, betre lyd- og mottaksforhold mv. Vi stiller også nokre tilleggskrav for at ei FM-avvikling kan skje i 2017. Minst halvparten av lyttarane må i 2015 lytte til ein digital radioplattform dagleg, og det må same året ligge føre teknisk tilfredsstillande og rimelege løysingar for bil. Om ikkje, blir FM-avviklinga utsett til 2019, seier Anniken Huitfeldt.

- Når det gjeld lokalradio, legg vi opp til at dei fleste (og minste) lokalradioane kan få fortsette på FM etter 2017, dersom dei ønskjer det.

Radio er saman med papiraviser det siste mediet som enno først og fremst er analogt. Regjeringa vil vidareføre den gjeldande politikken om at digitalisering av radiomediet skal vere aktørstyrt. Den samfunnsmessige verdien radiomediet har, gjer at avgjerda likevel ikkje fullt ut kan overlatast til marknaden. Med forslaga i denne stortingsmeldinga vil Noreg ligge heilt i front når det gjeld digitalisering og modernisering av radio.  

Spørsmålet om digitalisering av radio var sist handsama i St.meld. nr. 30 (2006-2007) Kringkasting i en digital fremtid.

Til toppen