Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Styrkjer nynorsken i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa føreslår å løyve 13,7 millionar kroner til nynorskrelaterte tiltak.

Regjeringa føreslår å løyve 13,7 millionar kroner til nynorskrelaterte tiltak.

I denne summen inngår ein samla auke på 1,6 millionar kroner for å styrkje drifta i Språkrådet. I 2012 vil rådet leggje mykje arbeid i å førebu den nye rettskrivinga i nynorsk som departementet nyleg har godkjent.

2013 blir eit nasjonalt språkår. Den direkte bakgrunnen for dette er at det i 2013 er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret vart opna. Språkåret 2013 skal bidra til å skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept og respekt for den språkdelte norske kulturen i alle lag av folket.

Regjeringa løyver 2,2 millionar kroner til Nynorsk kultursentrum til førebuing av Språkåret 2013 og planlegging av Olav H Hauge-senteret i Ulvik. Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene får og ei løyving på ein halv million kroner i samband med førebuingane til Språkåret 2013.

Andre tiltak som får auka løyvingar:
Nynorsk pressekontor: 500 000 kroner. Samla støtte 4,8 millionar kroner.
Ryfylkemuseet: 600 000 kroner til formidling av nynorskforfattaren Rasmus Løland til born og unge. Samla støtte 5,2 millionar kroner.
Hordaland Teater: 1 million kroner. Samla støtte 10,5 millionar kroner.
Opera Nordfjord: 300 000 kroner. Samla støtte 3,3 millionar kroner.
Det Norske Teateret: 7 millionar kroner. Samla støtte 149,1 millionar kroner. (Sjå òg pressemelding om inkludering).