Historisk arkiv

Bygdeutvikling: Bu i bygda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Bygdeutvikling: I samarbeid med Kommunenes sentralforbund har Gardsbruk.no laga ei handbok for kommunar om korleis dei skal arbeide for å få busetjing på ledige gardsbruk.

Bygdeutvikling: Bu i bygda

Bygdeutvikling: I samarbeid med Kommunenes sentralforbund har Gardsbruk.no laga ei handbok for kommunar om korleis dei skal arbeide for å få busetjing på ledige gardsbruk.
 

Ledige gardar og småbruk
Korleis kan bygdene rekruttere nye menneske, nye kunnskapar og nye ressursar? Korleis kan kommunen leggje til rette for meir busetjing i bygdene? Noko av svaret ligg i dei ledige gardane og småbruka vi finn over heile landet. Dette er bruk som etter kvart har blitt mindre interessante i landbrukssamanheng, men som nå gir mange lokalsamfunn vitamininnsprøyting av nye menneske og idéar.

Småbruk er attraktive buplassar. Så mange som 200.000 nordmenn kunne tenke seg å kjøpe eit lite gardsbruk, med dei oppvektsvilkåra og den nærleiken til naturen som det gir.

I dag er etterspurnaden større enn tilbodet. Det er eit paradoks når vi veit at 46.000 landbrukseigedomar over heile landet, dei fleste småbruk, ligg fråflytta og tome.

 

Bygdeutvikling: Gårdsbruk. Foto: LMD
Bygdeutvikling: Småbruk er attraktive buplassar. Så mange som 200.000 nordmenn kunne tenke seg å kjøpe eit lite gardsbruk. I dag er etterspurnaden større enn tilbodet.
Foto: LMD

Nye menneske og ressursar
Her kan kommunane vere aktive. Ved å arbeide for å få ledige gardar og småbruk ut for sal kan kommunen leggje til rette for auka busetnad og trekke nye menneske og ressursar til bygdene. Røynsler frå dei kommunane som har kartlagt ledige gardsbruk viser at slikt arbeid gir resultat.

Heftet er del av prosjektet ”Slipp oss til - ungdom inn i landbruket”, eit samarbeid mellom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Natur og Ungdom og Norges Bygdeungdomslag. Heftet er støtta av Landbruks- og matdepartementet og produsert i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund.

Bygdeutvikling: I samarbeid med Kommunenes sentralforbund har Gardsbruk.no laga ei handbok for kommunar om korleis dei skal arbeide for å få busetjing på ledige gardsbruk.