Historisk arkiv

Dyr: Telemarkskyri 150 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Dyr: Telemarkskyri rundar i år 150 år som eigen rase. I samband med jubileet kjem CowParade til Norge og Telemark.

Dyr: Telemarkskyri 150 år

Dyr: Telemarkskyri rundar 150 år som eigen rase. I samband med jubileet kjem CowParade til Norge og Telemark. Den første offisielle utstillinga for telemarksfe var i Kviteseid i 1856. Utstillinga vart flytt til Seljord, der det sidan årvisst har vore Dyrskun andre helga i september.

Får mykje ut av lite
- I ein periode heldt Telemarkskyri på å døy ut. Til alt hell vart den berga, og nå har vi ei levedyktig stamme. Dette er moro, ikkje minst for meg som telemarking. Telemarkskyri er smålåten og får mykje ut av lite, og ho kan vere ikkje så reint lite sta og stridbar.- Og slik er kanskje også telemarkingen? spør landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen. Ved å representere det lokale, genuine og norske er rasen eit godt grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling, seier Riis-Johansen.

CowParade-utstilling
CowParade-utstillinga åpnar i Kviteseid den 17. juni, og blir avrunda ved at kunstverka blir auksjonert bort under Dyrskun i september. CowParade har sidan starten i Zürich i 1998 inspirert kunstnarar over heile verda til å lage fargerike og fantasifulle kyr. CowParade Telemark 2006 deltek i år saman med Buenos Aires, Wisconsin, Boston, Edinburgh, Denver, Lisboa og Mexico City. Telemark er den første staden utstillinga blir halde på landsbygda.

Dyr: Telemarkskyri rundar 150 år som eigen rase. Den første offisielle utstillinga for telemarksfe var i Kviteseid i 1856. I samband med jubileet kjem CowParade til Norge og Telemark.