Historisk arkiv

Frukt frå Hardanger med beskytta namn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Eple, plommer, pærer og morellar frå Hardanger har no blitt godkjende som Beskytta geografiske nemningar. Det inneber at Hardangernamnet berre kan nyttast på slik frukt som er dyrka i Hardanger.

Frukt frå Hardanger med beskytta namn

Eple, plommer, pærer og morellar frå Hardanger har no blitt godkjende som Beskytta geografiske nemningar. Det inneber at Hardangernamnet berre kan nyttast på slik frukt som er dyrka i Hardanger.

Vern av namna Hardangereple, Hardangerplommer, Hardangerpærer og Hardangermoreller er no fastsett i forskrifter heimla i norsk lov. Frå før er også produktnamnet Eplejuice frå Hardanger tildelt slikt vern.

Vil ha mangfald og kvalitet
- Ei rad forbrukarundersøkingar er samstemte når det gjeld kva forbrukarane ønsker. Norske forbrukarar vil ha mangfald og matprodukt av høg kvalitet. Fruktprodukta frå Hardanger føyer seg inn i rekkja av gode landbruksprodukt med særpreg. Det gleder meg at frukt frå Hardanger no har fått beskytta produktnamn, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

Garanti
Det er den offentlege norske merkeordninga Beskytta nemningar som opnar for lovheimla vern av namn på norske matprodukt med klart geografisk opphav, særpreg og tradisjon. I tillegg til å verne produkta mot ulovlege etterlikningar og namnemisbruk, skal merkeordninga òg garantere forbrukarane at dei finn matprodukt med det geografiske opphavet dei gir seg ut for å ha. Den norske ordninga er oppretta etter mønster frå EU, og blir forvalta av Mattilsynet i samarbeid med Matmerk.


22.09.06