Historisk arkiv

Skog: Ny forskrift om berekraftig skogbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Skog: Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen fastsette onsdag 07.06.06 ei ny forskrift om berekraftig skogbruk, av mange omtalt som miljøforskrifta.

Skog: Ny forskrift om berekraftig skogbruk

Skog: Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen fastsette onsdag 07.06.06 ei ny forskrift om berekraftig skogbruk, av mange omtalt som miljøforskrifta.

Forskrifta inneheld føresegner både om miljøomsyn og om tilfredsstillande forynging, samt føresegner om tiltak mot skade på skogen.

- Mi vurdering er at skognæringa bør vere nøgd med at det nå kjem ei slik forskrift. Den er utforma på ein måte som i stor grad viser at politiske myndigheiter har lagt merke til og er nøgd med den frivillige miljøinnsatsen til skognæringa, seier statsråden i ein kommentar til den nye forskrifta.

Eit trebrukande samfunn
Forskrifta vil bli eit viktig supplement til det næringa allereie gjer på skog- og miljøområdet gjennom Levende Skog-arbeidet, og den blir viktig som eit element i ei brei satsing på eit meir trebrukande samfunn med auka hogst slik Stortinget har bedt om. - Eg har lagt stor vekt på at ei slik forskrift ikkje skal føre til meir byråkrati eller svekkje skogeigarane sin motivasjon for å drive arbeidet vidare med frivillige miljøomsyn, seier statsråden vidare.

Forskrifta blir med det første lagt ut på Lovdata og trer i kraft frå 01.07.06. Departementet sender med det første ut forskrifta saman med ei nærare orientering.

Nærare informasjon ved avd.dir. Ivar Ekanger, tlf. 22 24 93 63 / 90 53 43 57 eller rådgjevar Beate Løken, tlf. 22 24 93 70.

Skogtinget 2006
Det var på Skogtinget 2006 at landbruks- og matministeren gjorde kjent at det var fastsatt ei ny miljøforskrift.


08.06.06