Historisk arkiv

Jordvern: Strategi for Oppland vedteken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordvern: Fylkesmannen, fylkeslandbruksstyret og fylkeskommunen i Oppland er samde om innhaldet i ein jordvernstrategi. Regjeringa har sett som mål å halvere omdisponering av verdfulle jordressursar innan 2010.

Jordvernstrategi for Oppland vart vedteke i fylkestinget 21. juni 2007 og i fylkeslandbruksstyret 26. juni 2007.

Halvere nedbygginga
- Regjeringa ønskjer å styrke jordvernet, og har sett seg som mål å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle jordressursane innan 2010, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

For å styrke jordvernet har Riis-Johansen sett ned eit utval som skal gi status i arbeidet med å nå målet om å halvere nedbygging av dyrka jord, vurdere eksisterande verkemiddel og foreslå nye. Landbruksdirektør Jon Ola Syrstad i Rogaland leiar utvalet, som skal avgi rapport innan utgangen av 2007.

Jordvern: Fylkesmannen, fylkeslandbruksstyret og fylkeskommunen i Oppland er samde om innhaldet i ein jordvernstrategi.