Historisk arkiv

Eigedom: Vil busetje 50.000 eigedomar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Eigedom: Mange landbrukseigedomar med hus står i dag folketome. Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen gir nå drahjelp til kommunar og fylker som vil gjere noko for å få folk på desse eigedomane. Det er løyvd 900.000 kroner til ulike prosjekt.

- Om lag 50.000 landbrukseigedomar med hus står i dag folketome. Ei spørjeundersøking frå 2005 viste at 200.000 nordmenn er interessert i å kjøpe småbruk. Det er eit paradoks at vi ikkje får kopla dette betre, seier landbruks- og matminister Terje Riis- Johansen.

- Mange av dei prosjekta som nå får midlar har som mål å få fast busetjing på gardar som i dag anten står tome eller blir brukt til fritidsføremål. Regjeringa er opptekne av å styrke busetjinga i distrikta. Arbeidet med å få ”Lys i alle glas” på gardane er viktig i område der landbruket framleis spelar ei avgjerande rolle for busetjinga, seier Riis-Johansen. 

Landbruks- og matdepartementet har løyvd 900 000 kroner til aktivitetar og utgreiingar innan busetjingspolitikken. Midla går til fleire kommunar i Buskerud som samarbeider om prosjektet ”Lys i alle glas”, prosjektet ”Øyfjell city” i Vinje kommune, Holtålen kommune, Åmli kommune, Oppland Bonde- og Småbrukarlag og fylkesmannen i Hedmark.

Prioriterte prosjekt
Desse prosjekta får tilskott:

  • Fellesprosjekt ”Lys i alle glas” mellom fleire kommunar i Buskerud – kr. 200.000. Prosjektet har som mål å sjå på ledige gardsbruk som har eit potensiale for å få ny busetnad.
  • Holtålen kommune – kr. 150.000. Registrering av folketome gardar og hus med tanke på busetnad.
  • Vinje kommune, prosjektet ”Øyfjell city" – kr. 150.000. Prosjektet er organisert som ei foreining med mange undergrupper, mellom anna ei gruppe som arbeider med ”tomter/bustad”. Det er mellom anna planar om å la folk få ”prøvebu” før dei eventuelt tek skrittet fullt ut og kjøper eigen bustad.
  • Åmli kommune, prosjektet ”SNU Åmli” – kr. 150.000. Samfunns- og næringsutviklingsprosjekt med visjon om vekst og utvikling for Åmli kommune. 
  • Oppland Bonde- og Småbrukarlag – kr. 50.000. Samarbeider med kommunane om å lokalisere folketome gardsbruk.
  • Fylkesmannen i Hedmark – kr. 200.000. gransking av kva for verknader reglane om buplikt har på busetjing og kulturlandskap.   