Historisk arkiv

Mat: Festival i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mat: Det vert matfest når over 100 bønder og lokale matprodusentar frå Hordaland og Sogn og Fjordane fyller Bryggen med salsboder og smakfull mat helga 7. til 9.september.

Mat: Det vert matfest når over 100 bønder og lokale matprodusentar frå Hordaland og Sogn og Fjordane fyller Bryggen med salsboder og smakfull mat helga 7. til 9.september.

Lokalprodusert og kortreist
I fjor besøkte over 70 000 menneske Matfestivalen Bønder i Byd’n.  På festivalen treff du i hovudsak produsentar som sel sine eigne produkt og som gir publikum informasjon om råvarer og produksjon. I år er det 110 påmeldte utstillarar. 95 prosent av desse er småskala matprodusentar. Nytt i år er at Stoccafisso tørrfiskfestival og ”Sjømat for alle” også vert lagt til same helg. I år kan du difor kjøpe plommer frå Hardanger, spekemat frå heile Vestlandet, ulike variantar av pølser og kjøtmat samstundes med fisk, røykelaks og aure og årets ferske saft og syltety av bær og frukt langs fjordane, økologisk krydder og urter. Sjølvsagt finn du også tradisjonsrike lefser og bakverk, honning og grønsaker. Alt lokalt produsert og kortreis.

Mat: Det vert matfest når over 100 bønder og lokale matprodusentar frå Hordaland og Sogn og Fjordane fyller Bryggen med salsboder og smakfull mat helga 7. til 9.september.